Politiet åtvarar mot tjuvar som tek seg inn i bustadhus. Det skjedde ved Heggenes i forrige veke, der ein del småting vart borte. Torsdag mellom klokka 7.30 og 23.30 vart eit hus i bustadfeltet i Slidre besøkt.
– Tjuven tok seg inn gjennom eit vindauge som stod på gløtt. Vi lurer på om det nokon la merke til ein framand bil i området, eller har andre tips å koma med, seier politiførstebetjent Geir Madsen.
Tjuven har gått etter kontantar og ting som er lett å ta med.
– Dette er ei påminning om at det er lurt å låse dørene og sikre vindauga. Reiser du bort, er det fint om naboen kan halde eit auge med huset, lyder rådet frå Madsen.
Han ser ikkje bort frå at ein organisert bande er i sving, og ber folk om å ringe 02800 så fort vi ser noko mistenkeleg.
– Det er nummeret til operasjonssentralen på Gjøvik, og dei er alltid parat til å ta imot innspel, legg han til.
Ung i Valdres — «Footloose»
Valdres-ungdommen bød på en frisk og fargerik forestilling da «Footloose» sto på plakaten, som den tolvte Ung i Valdres-musikalen i rekken. Alle foto: Ingri Valen Egeland


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger