Ole Knut Steinset og Ingjerd Thon Hagaseth har laga kviss-bok med 714 spørsmål frå Valdres. Foto: Bjørn Karsrud.

Kviss med Valdres-vri

Veit du mykje om Valdres? No kan du teste deg sjølv. Boka «Valdres kviss» inneheld 714 spørsmål frå alle delar av dalføret, oppdelt i ulike emne.

Ingjerd Thon Hagaseth og Ole Knut Steinset i Etnedal har laga den rykande ferske boka, som også har mange fargefoto frå Valdres.

Dialekt, kultur og mat
Spørjeboka er delt inn i 20 ulike kapittel eller tema. Det opnar med 45 varierte spørsmål om Valdres, så kjem blanda spørsmål frå kvar kommune. Andre kapittel tek for seg valdresdialekten, historie, kultur, geografi, mat, sport og mykje anna.

Også eit kapittel med spørsmål for dei yngste vart det plass til. I alt 714 spørsmål som høver både i lystige lag og uformelle konkurransar. Og bak i boka finn du svar på alle spørsmåla.

Idé frå Røros
Ideen til boka dukka opp då ekteparet for eit par år sidan kom over ei lokal spørjebok på Røros.

– Sjølv om denne boka var veldig enkel, og utan bilete, oppdaga vi snøgt at spørsmål var ein god måte å bli betre kjend i området på, fortel Steinset.

Han legg til at dei har sjølve laga disposisjonen for innhaldet i kvissboka, her var det lite å hente i Røros-boka. Også bileta står dei sjølve for, praktisk tala alle motiva er fanga i Valdres.

Folkeopplysing
Begge forfattarane kjenner Valdres godt, både frå arbeid og fritid. Steinset gjennom jobben som fjelloppsyn, naturkonsulent og rovviltkontakt, Thon Hagaseth gjennom mange år både i skuleverket og ikkje minst knytt til turistinformasjon og reiseliv. Begge har eit brennande ynskje om å gjera Valdres meir kjent, og samstundes å drive litt generell folkeopplysing.

– Kviss er veldig populært for tida, og kanskje kan boka vår bidra til at enkelte oppdagar nye og spanande sider ved Valdres, seier Thon Hagaseth.

Ho fortel at dei gjerne tek imot respons, også på vanskegraden i spørsmåla i boka.

– Vi fekk gode tilbakemeldingar under Rakfiskfestivalen. Skulle det fortsetje slik er vi ikkje framande for tanken om å lage ei bok til, seier Ole Knut Steinset.

Nøkkelord:

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Relaterte artikler

Mest lest


Møte om gymsalen i Aurdal

Ordførar Inger Torun Klosbøle i Nord-Aurdal har teke initiativ til eit møte der «Frikar» og represen…


Gjør stor suksess med nettbutikk

Ryfoss-jenta Marie Stokkebryn driver nettbutikken Crazyshop.no med stor suksess.


Telefonfeil i tunnelen kan koste dyrt

Nesten ingen bruker tunnelenes nødtelefon ved trafikkuhell. Dermed tar det lenger tid å få stengt av…

Nyheter Etnedal

@nodeName

Avlyser blueskonsert — åpner for andre kulturarrangement

Blueskonserten på Bruflat avslyses i 2012. Etnedal kommune åpner imidlertid for muligheten for andre kulturarrangementer.

 
Bildegalleri Ung i Valdres — «Footloose»

Ung i Valdres — «Footloose»

Valdres-ungdommen bød på en frisk og fargerik forestilling da «Footloose» sto på plakaten, som den tolvte Ung i Valdres-musikalen i rekken. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Julegateåpning på Fagernes.
Julegateåpning på Fagernes (57 bilder)
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Nyopning: Bjørn Hovi og Vasana Meekhong har starta ny drift på Briskeby Café på Fagernes, som har vore stengt sidan før jul. FOTO: Tor Harald Skogheim

Briskeby Café har opna att

Nye drivarar har overteke drifta av Briskeby Café på Fagernes. Nyopninga var onsdag føremiddag, og gjestene fann snøgt vegen inn.

Sør-Aurdal

Dro av vegen: Vogntoget fra Romania havnet i grøfta på tørr asfalt. FOTO: Christoffer Rustebakke

Vogntog kjørte av vegen sør for Bagn

Tirsdag formiddag kjørte et vogntog av vegen cirka 4 kilometer sør for Bagn på E16. Etter det avisa Valdres ble fortalt var vogntoget fra Romania og sjåføren kom uskadd fra det.

Vestre Slidre

Tormod Ulven mottok pris fra fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud.

Tormod Ulven fikk Coubertinprisen

Tormod Ulven fra Vestre Slidre er en ytterst talentfull ung mann. Det blir lagt merke til. Nå er han innehaver av Pierre de Coubertinprisen.

Øystre Slidre

Ready to go: Torgeir Dahle legger siste hånd på verket på Trollmobilen. FOTO: Trond Rogne

Klar for krusing

Trollrock gjør et aldri så lite markedsføringsstunt og har nå fått satt i stand sin helt egen Trollmobil, som de skal kjøre «land og strand» rundt med for å skape blest om rockefestivalen på Beitostølen.