På møtet blir det gjort opp status for 2012, og det skal bestemmast kvote og område for gaupejakta i 2012. Innleiingsvis på møtet vart det opplyst at 8.378 husdyr er tekne av rovdyr i Oppland i år. Det er ein auke på 150 dyr frå 2010. Skadar frå bjørn og gaupe har gått ned, mens jerveskadane har gått sterkt opp.
Ivar Odnæs (Sp) og Sigbjørn Hagen (SV) har meldt forfall til dagens møte, og vararepresentant Jørand Ødegård Lunde (H) frå Vang møter i staden. Det er derfor med to valdrisar på møtet i dag ettersom Olaf Nils Diserud (Frp) frå Aurdal er fast representant i nemnda. Elles møter Anne Marie Bagstad Jøranli (KrF) og nemndleiar Reidun Gravdahl (Ap).
Den noverande nemnda er statsoppnemnd og sit til ny nemnd bli oppnemnd.
Etter nemndmøtet er lag og organisasjonar i Valdres inviterte til fellesmøte.
Ung i Valdres — «Footloose»
Valdres-ungdommen bød på en frisk og fargerik forestilling da «Footloose» sto på plakaten, som den tolvte Ung i Valdres-musikalen i rekken. Alle foto: Ingri Valen Egeland


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger