Det kraftige snøfallet samt kram snø, gjorde at fleire hadde problem med straumen måndag.
– Vi har rydda bra under linjene, men på Eggeåsen var det eit par bjørketre som kvila seg på straumlinja, fortel Nils Harald Mørstad i Valdres Energiverk.
Legg seg på linja
Frostnåler gjev godt feste for snøen som fell og det var noko av grunnen til straumbrotet.
– Lauvskog legg seg lettare på linja enn annan vegetasjon, seier Mørstad. – I tillegg klistrar snøen seg på linjene etter at frostnåler lagar eit godt liggjeunderlag.
Problema varde berre eit par timar måndagsmorgon.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger