Tidenes førjulsgåve: Studentane Bjørn Erik Strand og Solveig Vatn Weisser trudde knapt sine eigne auger då dei fekk beskjed om at 13.000 legatkroner frå Nils Trondsen Thune og hustru Marit Helgesdatter Kvale hadde kome inn på konto. FOTO: Trygve Lien

67 vangstudentar fekk 13.000 kvar

Julenissen kom tidleg til Vang i år. Nyleg fekk 67 studentar frå kommunen utbetalt 13.000 kroner kvar frå legatet Nils Trondsen Thune og hustru Marit Helgesdatter Kvale.

– Fyrst trudde vi det stod ein null for mykje, men då begge sønene mine hadde fått 13.000 kroner inn på kontoen, så stod jubelen i i taket. Dette er ikkje mindre enn fantastisk, og ære vera oss for at vi bur i Vang, seier ein oppglødd pappa, Ola K. Strand.

Aksjegevinst

– Tenk kor mykje pengar dette er for ein student, seier Strand, som synes dette er ei heidundrande gladsak, noko vi må seie oss einige i.

– Tidlegare år har studentane fått utbetalt mellom 3000 og 4000 kroner. I fjor var det 3.700 kroner, så vidt eg minnest, seier legatstyrar Inger Sørum. 

– Kva er årsaka til at beløpet nesten er firedobla?

– Noko av legatpengane forrentar seg i bank, medan resten er investert i aksjar. I år har dette gjeve eit vidunderleg overskot, seier Sørum, som i likhet Arnlaug Gjevre Haugen på kommunekassa i Vang ikkje vil røpe kven som har spekulert i dei gode aksjebeløpa. 

67 av 70 fekk

Alle studentar frå Vang, som tek utdanning ut over grunnskule, kan søkje legatet, og i år kom det inn 70 søknader til legatstyret, ved formann Inger Sørum. 67 av dei innfridde statuttane og fekk utbetalt tidenes førjulsgåve i Vang.

– Alle studentane fekk likt. Dei fekk 13.000 kvar, seier formannen for legatet, Inger Sørum.

I statuttane står det at den som søkjer må ha heimeadresse i Vang og vera i alderen 16 til 30 år. 

– Statuttane vart skrive ned i 1938, og det årlege utbyte av legatet går til vangsungdom som vil utdanne seg jord- eller skogbrukar, handverkarar eller ved ein annan skuleutdanning, for eksempel som lærer, teknikar eller ved universitet, seier Sørum. 

871.000 kroner

– Vi har drøfta dette nokre gonger i legatstyret, korleis ein skal tolke denne ordlyden i våre dagar. Det er rundt formulert, med for eksempel og liknande. Det er grunnen til at vi gjev stipend til alle søkjarar som utdannar seg ut over grunnskule, seier Sørum, og legg til at søknadsmassen har auka frå år til år, noko som kanskje ikkje er så rart, med ei slik utteljing.

– Og i år trur eg det er rekordstort. Det blir vel ganske bra neste år og, for dette er desidert høgaste utbetaling for legatet, avsluttar Sørum, som med god hjelp frå Arnlaug Gjevre Haugen på kommunekassa har anvist den nette sum av 871.000 kroner til ungdomen i Vang før jul. 

Nøkkelord: Nyheter

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Mest lest


Møte om gymsalen i Aurdal

Ordførar Inger Torun Klosbøle i Nord-Aurdal har teke initiativ til eit møte der «Frikar» og represen…


Gjør stor suksess med nettbutikk

Ryfoss-jenta Marie Stokkebryn driver nettbutikken Crazyshop.no med stor suksess.


Telefonfeil i tunnelen kan koste dyrt

Nesten ingen bruker tunnelenes nødtelefon ved trafikkuhell. Dermed tar det lenger tid å få stengt av…

 
Bildegalleri Ung i Valdres — «Footloose»

Ung i Valdres — «Footloose»

Valdres-ungdommen bød på en frisk og fargerik forestilling da «Footloose» sto på plakaten, som den tolvte Ung i Valdres-musikalen i rekken. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Julegateåpning på Fagernes.
Julegateåpning på Fagernes (57 bilder)
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Nyopning: Bjørn Hovi og Vasana Meekhong har starta ny drift på Briskeby Café på Fagernes, som har vore stengt sidan før jul. FOTO: Tor Harald Skogheim

Briskeby Café har opna att

Nye drivarar har overteke drifta av Briskeby Café på Fagernes. Nyopninga var onsdag føremiddag, og gjestene fann snøgt vegen inn.

Sør-Aurdal

Dro av vegen: Vogntoget fra Romania havnet i grøfta på tørr asfalt. FOTO: Christoffer Rustebakke

Vogntog kjørte av vegen sør for Bagn

Tirsdag formiddag kjørte et vogntog av vegen cirka 4 kilometer sør for Bagn på E16. Etter det avisa Valdres ble fortalt var vogntoget fra Romania og sjåføren kom uskadd fra det.

Vestre Slidre

Tormod Ulven mottok pris fra fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud.

Tormod Ulven fikk Coubertinprisen

Tormod Ulven fra Vestre Slidre er en ytterst talentfull ung mann. Det blir lagt merke til. Nå er han innehaver av Pierre de Coubertinprisen.

Øystre Slidre

Ready to go: Torgeir Dahle legger siste hånd på verket på Trollmobilen. FOTO: Trond Rogne

Klar for krusing

Trollrock gjør et aldri så lite markedsføringsstunt og har nå fått satt i stand sin helt egen Trollmobil, som de skal kjøre «land og strand» rundt med for å skape blest om rockefestivalen på Beitostølen.