BUTIKKDRIFTA BLIR HEMMA: – Brotet på telesambandet har gjort det vanskeleg å drive butikk desse dagane, seier Harald Lasskogen ved Joker Vaset. ARKIVFOTO: Ola Onstad

Teletrøbbel på Vaset

Stormen natt til måndag øydela sendeutstyr som Telenor har i masta på Ålfjell. Det råka også internettkundane til Eidsiva på Vaset. Telenor håper at sambanda er tilbake torsdag.

– Når telesambandet ryk, merker vi kor avhengige vi er av det, seier Harald Lasskogen, innehavar av butikken Joker Vaset.


På Vaset vart både fasttelefonen, internett og mobilnettet til Telenor slått ut av uvêret. Sambandet til Netcom har vore intakt.


– Det var på hengande håret at ikkje også kjøle- og fryselageret gjekk fløyten. Straumen gjekk natt til måndag. At feilen vart retta slik at vi fekk att straum ein times tid på natta, berga nok kjøle- og frysevarene. For då vart dei nok nedkjølte att til at temperaturen heldt seg gjennom den neste straumlause perioden. Før 07.30 måndag morgon var straumen på plass att, seier Lasskogen.


Jula er ein viktig sesong for butikken hans.
– 90 prosent av handelen er basert på kort. Utan telesamband kan vi ty til ei reserveløysing, men den er veldig treg. Den aksepterer berre norske bankkort; ikkje kredittkort og utanlandske bankkort. Det er mellom anna ein del tyske gjester på Vaset for tida. Kundane som pleier å sende bestilling på e-post, får ikkje gjort det no. Det er frustrerande at ikkje teleoperatørane har ei backup-ordning. No har det gått snart tre døgn, og sambandet er enno ikkje tilbake, sukkar kjøpmann Harald Lasskogen.


Montørane han var i kontakt med onsdag, håpa at feila ville bli retta i løpet av dagen. Det skjedde ikkje.


– Vi fekk tidleg kartlagt at tre av basestasjonane våre i Vestre Slidre vart slått ut. Men det viste seg at feila ligg ikkje berre der. Stormen har også gjort skade i utstyret på Ålfjell, opplyser informasjonssjef Kristin Tønnessen i Telenor.


– Kvifor går det så lang tid før det blir reparert?


– Alt mannskap som er tilgjengeleg midt i ei ferietid, arbeider på spreng. Svært mange feil oppstod i stormen, og det må nødvendigvis ta noko tid før mannskapet rekk over å få i orden alt. I oversikta eg har frå klokka 10.30 onsdag, ser eg at også fastlinja til ca. 200 abonnentar på Fagernes var ute. Når det gjeld Ålfjell, er det berre i dagslys arbeid kan pågå i masta der. Torsdag morgon går mannskapet opp i masta igjen, og vi håper at alt skal vera ordna innan klokka 16 torsdag, seier Tønnessen.

Nøkkelord:

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Relaterte artikler

Mest lest


Møte om gymsalen i Aurdal

Ordførar Inger Torun Klosbøle i Nord-Aurdal har teke initiativ til eit møte der «Frikar» og represen…


Gjør stor suksess med nettbutikk

Ryfoss-jenta Marie Stokkebryn driver nettbutikken Crazyshop.no med stor suksess.


Telefonfeil i tunnelen kan koste dyrt

Nesten ingen bruker tunnelenes nødtelefon ved trafikkuhell. Dermed tar det lenger tid å få stengt av…

Nyheter Vestre Slidre

@nodeName

Tormod Ulven fikk Coubertinprisen

Tormod Ulven fra Vestre Slidre er en ytterst talentfull ung mann. Det blir lagt merke til. Nå er han innehaver av Pierre de Coubertinprisen.

 
Bildegalleri Ung i Valdres — «Footloose»

Ung i Valdres — «Footloose»

Valdres-ungdommen bød på en frisk og fargerik forestilling da «Footloose» sto på plakaten, som den tolvte Ung i Valdres-musikalen i rekken. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Julegateåpning på Fagernes.
Julegateåpning på Fagernes (57 bilder)
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Nyopning: Bjørn Hovi og Vasana Meekhong har starta ny drift på Briskeby Café på Fagernes, som har vore stengt sidan før jul. FOTO: Tor Harald Skogheim

Briskeby Café har opna att

Nye drivarar har overteke drifta av Briskeby Café på Fagernes. Nyopninga var onsdag føremiddag, og gjestene fann snøgt vegen inn.

Sør-Aurdal

Dro av vegen: Vogntoget fra Romania havnet i grøfta på tørr asfalt. FOTO: Christoffer Rustebakke

Vogntog kjørte av vegen sør for Bagn

Tirsdag formiddag kjørte et vogntog av vegen cirka 4 kilometer sør for Bagn på E16. Etter det avisa Valdres ble fortalt var vogntoget fra Romania og sjåføren kom uskadd fra det.

Vestre Slidre

Tormod Ulven mottok pris fra fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud.

Tormod Ulven fikk Coubertinprisen

Tormod Ulven fra Vestre Slidre er en ytterst talentfull ung mann. Det blir lagt merke til. Nå er han innehaver av Pierre de Coubertinprisen.

Øystre Slidre

Ready to go: Torgeir Dahle legger siste hånd på verket på Trollmobilen. FOTO: Trond Rogne

Klar for krusing

Trollrock gjør et aldri så lite markedsføringsstunt og har nå fått satt i stand sin helt egen Trollmobil, som de skal kjøre «land og strand» rundt med for å skape blest om rockefestivalen på Beitostølen.