Det er ikkje innsyn til dette området og ingen busetjing. Området ligg nokre kilometer frå allfarveg på Tyinkrysset.
Nyleg var Tor Ottar Karlsen frå kraftutbyggingsselskapet Zephyr i Øye og orienterte aktuelle grunneigarar om kva eit vindmølleprosjekt kan innebere. Zephyr er eit norsk selskap som arbeidar aktivt med å utvikle vindkraftprosjekt i Sør- og Midt-Norge. Selskapet er eigd av Vardar AS som igjen er eigd av Buskerud Energi, i tillegg er EB Kraftproduksjon AS og Østfold Energi eigarar i Zephyr.
5 - 7 år
Kor stor ein eventuell vindmøllepark kan bli er avhengig av kor gunstige vindforholda er. Før i heile teke ei utbygging blir vurdert, må det gjerast vindmålingar. Det skjer fysisk ved at det blir montert opp ei 80 meter høg mast i området som vil stå der i eitt år. Ei slik mast kan koma opp til sommaren dersom det framleis er lokal velvilje til å greie ut eit vindmølleprosjekt. Det vil ta mellom 5 - 7 år å realisere eit vindmølleprosjekt. Det er NVE som i tilfelle vil gje konsesjon, direktoratet brukar gjerne inntil to år på å handsame ein konsesjonssøknad.
Mehuken i Sogn og Fjordane
Mehuken II som ligg i Sogn og Fjordane blir ofte trekt fram som mønsterprosjekt for vindkraftutbygging. I 2010 følgde eit fototeam frå høgskulen i Volda utbygginga av dette feltet. Denne filmen kan du sjå øvst i saka.
Bygging av ein eventuell vindmøllepark i Vang er omtala i avisa Valdres onsdag 28. desember.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger