Føraren kom uskadd fra hendinga, men både trekkvogn og hengar er totalskadde, opplyser Vestoppland politikammer. Trafikken gjekk uhindra det meste av dagen fordi kjøretøyet låg heilt ute av vegen.
– Grei standard
Semitraileren, som er registrert i Estland, kom fra vest. Spora syner at den kjørte rett fram i den slake svingen rett etter krysset ved Fosheim. Kjøretøyet vart liggjande nesten på taket heilt innpå hyttene som tilhøyrer Fosheim hotell.
– Det var heilt grei standard på kjøretøy og dekk, men det var såpeglatt då vi kom her i natt, seier Geir Helge Hansebråten i Viking Redningstjeneste Valdres.
Straumledningar
Hengaren var fylt med 30 tonn laks, og utover dagen onsdag hadde ein maskin og fire mann arbeid med å berge lasta. Ein knekt lysstolpe og straumledningar over kjøretøyet gjorde at dette arbeidet ikkje kom i gang før i fem-tida på morgonen.
Stenging
Midt på dagen onsdag var kjøretøyet bortimot tømt for last. Hansebråten var likevel usikker på når arbeidet med å få semitraileren på vegen att kunne starte.
– Dette avgjer politiet. Sjølv om det går ganske snøgt å få eit tomt kjøretøy på vegen att, så må vegen stengast. Det kan bli problem dersom det då er kolonnekjøring på Hemsedalsfjellet, sa Hansebråten.
Ung i Valdres — «Footloose»
Valdres-ungdommen bød på en frisk og fargerik forestilling da «Footloose» sto på plakaten, som den tolvte Ung i Valdres-musikalen i rekken. Alle foto: Ingri Valen Egeland


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger