Mannen skulle ut på isen for å brøyte treningsbane for tråvhestar, og har kjørt ut på isen med traktor påmontert snøfresar.
Ulykka vart ikkje oppdaga før sundag, då familiemedlemmer ikkje fekk kontakt med mannen. Lokal leiting vart igangsett, og då vart det etter kvart funne traktorspor som gjekk utover isen og enda i eit hol om lag 30 meter frå land. Dette er nedanfor Henrud heilt nørdst i Slidre sokn.
Via vaksentralen på Fagernes vart operasjonssentralen på Gjøvik varsla kl. 16.15 sundag ettermiddag. Lokalt politi rykte ut, og etter kvart vart redningsdykkarar frå Gjøvik brannvesen rekvirerte. Dei var på plass i Lomen i 21-tida, og berre ein halv time seinare vart den sakna mannen funnen drukna på botnen rett ved sida av traktoren. Det skal ha vore sju-åtte meter djupt på staden.
Den omkomne var sjølv ute på Slidrefjorden med snøskuter fredag for å sjekke isforholda på den planlagde traktorvegen over til austsida. Det blir fortalt at han då skal ha hogge fleire hol i isen med øks, for å sjekke isforholda. Dagen etter drukna han då tyngda av traktoren førte til at isen brast. Mannen vart observert då han i 14-tida passerte jorda på Henrud med traktor – med kurs for Slidrefjorden.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger