På førehand var det knytt uvisse til fortsatt drift av ruta, ikkje minst på bakgrunn av ein rapport frå Transportøkonomisk institutt i februar i fjor, der nedlegging vart tilrådd. Difor er det nok ein del folk i Valdres som er letta over tildelinga.
Statssekretær Lars Erik Bartnes i Samferdselsdepartementet seier at tre moment var avgjerande for å oppretthalde flyruta.
– Vi lukkast med å få til ein lågare pris totalt for rutene enn før, også for ruta til Fagernes. Eit anna viktig moment var omsynet til reiselivet og chartertrafikken. Utan flyrute ville det vera vanskeleg å argumentere for å oppretthalde anna drift av flyplassen. Sist, men ikkje minst, står vi fast ved regjeringserklæringa frå Soria Moria. Der står det at ingen flyplassar skal leggjast ned utan at det kjem lokale initiativ om dette, seier Bartnes.
Det er lite truleg at det blir større endringar i rutetidene. Anbudskrava, som hadde frist 25. oktober, var som tidlegare: Fyrste avgang frå Fagernes før klokka 09.00, og tilbake frå Oslo tidlegast klokka 15.30. Bartnes fortel at North Flying AS no skal koma med eit framlegg til rutetider, men at departementet ikkje kan stille andre krav enn dei som var i anbudsdokumenta.
North Flying AS, som har hovedbase i Aalborg, flyg også andre ruter i Norge, for det norske selskapet Air Norway.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger