– Eg likar nok å kjøre bil, seier Per Berger smålåtent. Kvar morgon klokka 08 møter han opp hjå bilforhandlar Robert Gjerdalen på Breiset på Fagernes. Han må i alle fall ha seg ein kaffikopp, og prate litt med dei andre i staben. Per er nemleg tilsett i bedrifta, som sjåfør. Men om det ikkje er noko planlagt kjøreoppdrag for han den dagen, tek han også gjerne anna forefallande arbeid. Klypper plenen eller klargjer ein bil.
Land og strand rundt
Men rolla til Per Berger er å kjøre bil. Tre til fem turar i veka er det vanlege, men det kan også bli to Oslo-turar på ein dag! Eller å levere og hente ein bil i Molde eller Kristiansand, då med overnatting. Lengste turen han har hatt var til ein kunde i Alta. Då kjørte han ny bil opp og innbyttebil attende. To dagar kvar veg brukte han på den turen.
Tur-retur Trondheim på ein dag er heller ikkje så aller verst for ein 81-åring, slik tilfellet var i uvêret fyrst i desember. Han og sjef Robert Gjerdalen kjørde kvar sin bil opp, og ein ned att. Etter 96 mil var dei to heime.
Valdres Auto har leasingavtale med Rica-kjeda. Om det til dømes skal ein ny Rica-bil til Bergen, så kjem bilen til Fagernes for klargjering, og Robert avtalar tid og stad for levering. Deretter blir Per utstyret med kartutskrift og leveringsadresse. Så er det berre å vri om nøkkelen og setja kursen over fjell og gjennom dalar.
Er kjøreturen lang, har Robert vanlegvis avtale med hotella om at Per får overnatte, før han returnerer til Fagernes dagen etter. Vanlegvis er det planlagt slik at Per har bil å kjøre begge vegar, men det hender han også kjem heim i buss.
Som ein strikk
– Eg kan stole 110 prosent på han Per. Det er difor dette fungerer, seier Robert Gjerdalen.
– Og eg må vera tøyeleg som ein strikk, legg Per sjølv til. Og det er han. Han har arbeidsstart og oppmøtetid til alle døgnets tider – same om klokka er 06 eller 16.
Robert seier den lengste dagen til Per såg slik ut: Fagernes – Dombås – Fagernes – Hokksund – Fagernes. Og då ringde Robert og lurte på om Per kunne koma til Gardermoen seint på kvelden for å hente Robert, som hadde problem med fly og rutetider. Men den natta var det Robert som sat bak rattet attende til Fagernes...
Sykla til Oslo
Per Berger er oppvaksen ved gamle jernbaneovergangen sør i Fagernes, og han fortel at det er stor kontrast mellom den gongen han som tiåring brukte to dagar på å sykle til Oslo – og at han i dag kan ta to Oslo-turar med bil på ein og same dagen.
Per har alltid vore fascinert av bilkjøring, og han kom tidleg i arbeid i den gamle JVB-garasjen ved hotellet på Fagernes. Han fortel at han faktisk starta med bilkjøring då han var 14 år gamal (!) – ikkje ute på vegane, men ved å flytte på bussane rundt garasjen. Ein politimann på Fagernes, som visste kva som foregjekk, sa til JVB-leiinga at dei ikkje måtte late ungdomen kjøre bilane – medan politimannen såg det!
Far til Per dreiv Berger rørleggjarforretning på Fagernes. Per reiste til sjøs og inn i marinen, mellom anna som kokk – før han etter 24 år vende attende til Fagernes, og han vart gift med Anna Skogstad. Per Berger har heile tida likt å kjøre bil, og å bli biltransportør starta han med for 15 år sidan:
– Ketil Strømmen i Tronrud Bil budde den gongen i bakgarden hjå oss på Fagernes, og det var for han eg begynte å transportere bilar. Og når Tronrud kjøpte Valdres Auto, følgde eg med over, og har halde fram.
– Men burde ikkje du i staden sete i sofaen og kosa deg, slik andre pensjonistar gjer, Per?<P>
– Dette har med trivsel å gjera, og å vera ute blant folk. Eg trivst veldig godt med dette, og eg kjem til å halde på så lenge som Robert vil ha meg. Hadde eg ikkje drive med dette, så hadde eg vel sete på samvirkelagskafeen på Fagernes.
Trege pensjonistar
– Og korleis er det å takle bytrafikken i Oslo? Gruver du for det – og er det vorte mange fartsbøter og bulkar?<P>
– Nei, eg kvir meg ikkje for å kjøre i Oslo. Eit par fartsbøter er det vorte opp gjennom åra – eg kjører jamt, ikkje fort. Men det er sjeldan det blir kø bak meg...
Robert: – Ja, det hender Per kjem attende til Fagernes og er frustrert over trege pensjonistar i trafikken!
Per: – Magne kjører i si eiga verd og ser ikkje i speglane, medan eg er på jobb og skal fram. På speilblank is ved Sperillen bar det for nokre år sidan til skogs med meg. Eg vraka den bilen, og vart ståande med bakenden ut i fjorden, men kom sjølv uskadd frå uhellet. Eg prøver å kjøre fornuftig, seier 81-åringen.
Per Berger står til disposisjon for bilkjøring stort sett året rundt, og seier dette kan vera ein fin syssel også for fleire pensjonistar. Robert Gjerdalen seier Per er velvilligheita sjølv – så nær som ei tid på året: I dei tre elgjaktvekene er han ikkje så lett å få ut på tur. Då er det i skogane på Leira han er å finne.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger