Men framleis ligg det til rette for eit brukbart bilsal samanlikn med for nokre år sidan. I januar vart det selt 23 ny bilar mot 30 i same månaden i fjor.
I januar er det framleis Volkswagen som er det mestseljande bilmerket i Valdres med seks sal. Denne gongen fylgjer Opel hakk i hæl med fem selde bilar, tre Toyota, og to kvar av Peugeot, Mitsubishi og Nissan. I januar i fjor var det VW og Toyota som var dei ubestridde, mestselte bilmerka i Valdres.
Også når det gjeld varebilar er salet litt dempa i forhold til januar i fjor. Det vart registrert fire Toyota varebilar mot fem i fjor, og fire VW mot åtte i fjor. Det vart elles selt to Peugeot varebilar denne månaden.
I januar vart det også selt to lastebilar, ein kvar av merka Man og Scania.
Salsutviklinga i Norge som heilskap viser faktisk framleis ein forsiktig auke i bilsalet medan varebilsalet har stagnert. Det er også ein klar trend at fleire vel bilar med firehjulstrekk og at andelen dieselbilar framleis er høg. Til dømes hadde 70 prosent av bilane som vart selt i januar på landsbasis, dieselmotor.
Torbjørn Moen
torbjorn@avisa-valdres.no 91851470


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger