Planane omfattar i tillegg ein black box. Eit skyvbart amfi med 150 sitjeplassar vil opne for bruk som konferanseavdeling. Dessutan skal det vera selskapslokale og meir rom for kulturskulen i huset. I det utvida huset skal det også sikrast utstillingslokale for Sørnorsk natur- og miljøsenter. Kulturhusleiar Thor Olav Fjellhøi orienterte 24. januar om prosjektet, skriv Hallingdølen.
12. juni skal prosjektet presenterast for ålingane. Same kvelden er Frikar invitert til danseførestelling i kulturhuset. Ifølgje Fjellhøi står intensjonsavtalen med Frikar ved lag og inneber at ein forpliktar seg til å byggje for å gjera kulturhuset til ein base for dansekompaniet.
I økonomiplanen for kulturhuset er det sett av 20 millionar til prosjektet, men ein reknar med at dette er alt for lite.
Trinn tre omfattar elles nytt Nesch-museum og trinn fire 25 meters badebasseng og velvereanlegg, men dette er ikkje med i det noverande prosjektet.
Hallgrim Hansegård stadfestar overfor avisa Valdres at Frikar dance company blir å finne i Ål kulturhus 12. juni.
– Vi stiller opp for Ål kulturhus og Ål kommune, seier Hansegård.
- Står intensjonsavtalen med Ål framleis ved lag, og er det framleis muleg at Frikar vil satse i Hallingdal?
– Ja, intensjonsavtalen med Ål kulturhus står framleis ved lag, og konkurrerer ikkje med satsinga vår i Valdres. Frikar dance company hadde si fyrste framsyning på Ål kulturhus, og har sidan gjesta huset med jamne mellomrom.
– Vil ei satsing i Hallingdal bety at de skrinlegg planane i Aurdal og på Leira?
– Frikar-akademiet satsar for fullt, men også langsiktig i Valdres. Vi overtek gymsalbygningen ved Aurdal skule i år og skal ruste han opp i takt med finansieringsarbeidet som vil ta fleire år. I denne bygningen vil Frikar-akademiet ha faste kveldsøvingar for barn og unge, slik som avisa Valdres har skrive om før. I tillegg leiger Frikar-akademiet ut bygningen til Frikar dance company som vil leggje mange av produksjonane sine dit. Det er viktig for valdrisar og hallingar å lyfte blikket, sjå ut og fokusere på kva som kan gjera oss sterke saman. Det er lausdansen, det!, seier Hallgrim Hansegård.
Han ser på Valdres og Hallingdal som ein region med dei sterkaste røtene innan lausdansen.
– Hugs at lausdansen er endå meir spektakulær enn flamencoen, men Andalucia har satsa mykje meir promotering enn Valdres og Hallingdal har på sine tradisjonar, seier Hansegård.
– Så det er altså aktuelt for Frikar å satse både i Hallingdal og i Valdres? – – Ein av dei viktigaste dansarane i oppbygginga av FRIKAR dance company har vore Martin Myhr. Han har også vore den mest sentrale personen i å byggje opp det rike lausdansmiljøet i Hallingdal. Frikar-akademiet har i fleire år vore i dialog med Myhr om å starte undervisningstilbod i Hallingdal. Ål kulturhus, Ål kulturskule, Martin Myhr/Hugnadheim og Frikar-akademiet kan lyfte lausdansen i Hallingdal til nye høgder om vi står saman. Om ein tenkjer heilskapleg på dei endå rikare og langsiktige planane Frikar-akademiet har i Valdres, finst det potensial for ei rik rekruttering, veksande næringsdrift og ei fantastisk promotering av lausdansregionen Valdres/Hallingdal. Der det før var grannane som trekte kniv, kan det i dag vera farlegare å tru på seg sjølv.
– Kva synest du om den friske satsinga til hallingane med å utvide eit flott kulturhus til eit nytt superkulturhus?
– Ål kulturhus har ein dyktig leiar, og eit rikt kulturmiljø. I tillegg har kommunen god økonomi. Dei viser seg som framsynte når dei tør å satse såpass på kultur. Det blir spennande å sjå om kommunen fylgjer opp satsinga i kulturdrift som er like viktig som hus. Frikar-akademiet og Frikar dance company ser fram til å produsere scenekunst i spesialtilpassa lokale. Ål kulturhus har lytta på ynska våre om innandørs veggdans, noko vi ikkje har forhold for i Valdres.
Bjørn Karsrud
bjorn@avisa-valdres.no 40632137


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger