Kapasitetsutnyttinga ved hotella i Oppland har gått drastisk ned dei siste 25 åra. Den var i 1986 43 prosent, i fjor 27 prosent.
Oslo og Akershus har kapra ein stadig større del av hotellmarknaden. Sjølv om kapasiteten der har eksplodert, har rombelegget halde seg mellom 50 og 60 prosent.
Med overskrifta «Rekordår for hotellnæringa» presenterte Statistisk sentralbyrå i går overnattingstala for 2011.
Mens talet på overnattingar ved norske hotell gjekk opp med fire prosent frå året før, hadde Oppland ein nedgang på sju prosent.
Sjølv om Oppland taper terreng på kurs- og konferansemarknaden, er nedgangen i turisttrafikken verre. Tendensen er at turistar i større grad søker til andre fylke.
Det går også ut over dei som driv hyttegrender. Belegget ved campingplassane i Oppland har halde seg betre.
Hordaland nærmar seg
Samla gjekk talet på gjestedøgn i Oppland tilbake med 333.000 dei siste fire åra.
Det er lenge sidan Oslo gjekk forbi Oppland som landets største reiselivsfylke. Oslo hadde i fjor 3,8 millionar gjestedøgn, Oppland ein million færre. Talet summerer besøket ved hotell, campingplassar og hyttegrender.
Dersom utviklinga held fram, vil Hordaland overta plassen som det nest største reiselivsfylket.
Det positive for Valdres var at hotella både i Øystre Slidre og Nord-Aurdal fekk auka trafikk i desember. Det står i sterk kontrast til at Oppland hadde ein nedgang på 19 prosent.
På årsbasis gjekk besøket ved Valdres-hotella ned med fire prosent i fjor. Dei hadde 308.000 gjestedøgn i 2011. Seks år tidlegare var talet ein halv gong større (467.000 i 2005).
Også besøket i hyttegrender og campinghytter har gått ned. Bruken av vogner på sesongkontraktar viser ein meir positiv tendens, sjølv om den våte sommaren 2011 dempa reiselysta.
Når vi summerer alle typar reiselivsbedrifter, hadde Valdres i fjor 619.000 gjestedøgn. Det var 10.000 færre enn i 2010, noko som tilsvarer nedgangen i hotellbesøket.
Egil Heggen
egil@avisa-valdres.no 40632124


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger