Det var tilfeldigvis leiar i Norsk Yrkessjåførallianse, Heine Skyvulstad, som oppdaga litaueren i Bagn i 10-tida tysdag formiddag.
Han kjende att bilen etter at han hadde lese om saka på nettavisa til Varden. Skyvulstad tok bilde av bilen og ringde samtidig politiet på Gjøvik.Men då stakk lastebilsjåføren av
.
– Eg la meg på hjul, på vegen mot Gol. Uheldigvis hadde eg for lite diesel på tanken og måtte snu. Men på vegen ned att møtte eg ein bil frå det lokale lensmannskontoret, fortel Skyvulstad.
Lastebilen skulle tydelegvis, ifølgje Skyvulstad, til Ørnesetra med lasta si, men der vart bilen avskilta av politiet.
– Dette er heilt horribelt. Eg synest det er merkeleg at sjåføren, som vart stoppa av politiet i Skien, ikkje fekk beslaglagt passet og papira på bilen og at han heller ikkje fekk noko førelegg, seier Skyvulstad. I tillegg så viste det seg at litaueren kjørte i alkoholpåverka tilstand.
Litaueren vart teken inn til avhør og blodprøve etter at han hadde kjørt inn i jernbaneundergangen i Skien, slik at kapell og last låg strødd utover vegen.
Men ifølgje Varden hadde ikkje politiet i Skien venta at han skulle stikke av med bilen før blodprøva var analysert.
Føraren blir no meld for kjøring utan gyldig førarkort. Lastebilen er også avskilta på grunn av dårleg teknisk tilstand.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger