Så langt attende som i 2008 oppretta dei tre damene Ellen Berntsen, Anne Kristin Medhus og Vibeke Sørlie eit samarbeidsprosjekt som fekk namnet «Fri og Bevare». Dei søkte Sparebankstiftinga om støtte til å laga ei framsyning om dans – bygt på norske eventyr – og fekk uttelling på 2,5 millionar kroner.
Ting tek tid, og tida har gått. Forholdet mellom Ellen Berntsen og det treningssenteret ho hadde på Fagernes, er også endra. Difor fortel ho at rollene er noko endra, og at dei tre som utløyste pengesummen framleis er med, men no meir som ei støttegruppe.
– Hallgrim Hansegård og Frikar har overteke heile det kunstnariske ansvaret, sidan vi tre som søkte sjølve ikkje er utøvande dansarar. Hovuddelen av pengane skal gå til den sceniske delen, og til den store dansemobiliseringa av ungdom.
– Hallgrim er ein oppteken herremann, og det er også noko av årsaka til at det har teke tid å få dette fram. Men no er ein gong i slutten av oktober sett som premieredato for showet – på Fagernes, fortel Ellen Berntsen. «Fri og Bevare» er framleis arbeidstittelen, men sjølve showet vil etter kvart få eit anna namn.
Berntsen vil førebels ikkje røpe kvar på Fagernes premieren blir, men at det blir starten på ein turné til 25 stader i Oppland og Hedmark. Det kan også bli fleire spelestader i Valdres.
– Poenget med oppsetjinga er å rekruttere og engasjere ungdom i alderen 10–19 år på dei stadene showet skal visast. I tilknyting til sjølve showet skal det difor vera dansekurs for ungdom, mellom anna med workshops og «helgebattle», som ein kan kalle ein slags hip hop-kappleik. Showet og dansen spelar på møtet mellom tradisjonell dans og hip hop-kulturen. Difor er også den Oslo-baserte dansegruppa Quick trekt aktivt inn.
Berntsen fortel at det i sjølve showet vil vera tre dansarar frå Frikar og tre frå Quick, men at all rekrutteringa rundt framsyningane har som mål å trekkje til seg så mange som 6000-7000 ungdomar i den aktuelle målgruppe.
– Heile opplegget er eit møte mellom by- og bygdekultur, mellom den tradisjonelle og urbane dansen, sett inn i ei eventyrleg ramme. Difor blir det arbeidd aktivt med å byggje relasjonar mellom by og land; mellom Oppland og Oslo. Som ein tjuvstart på sjølve showet, er det planar om deltaking på eit arrangement på Akershus festning i Oslo alt i august.
– Noko av årsaka til at dette har teke tid å få fram, er at vi har prøvd å få til eit samarbeid med TV.
Ellen Berntsen seier dei tre damene i ressursgruppa gler seg stort over det som no er i ferd med å bli realitet:
– Å setja tradisjonsdansen inn i det nye på denne måten blir berre heilt fantastisk, og vi gler oss stort over det engasjement og den profilen som Hallgrim legg inn i dette prosjektet, seier Ellen Berntsen.
Helge Gudheim
helge.gudheim@avisa-valdres.no 40632113


Vi får håpe at politikerne i Nord-Aurdal tar tilbake makten.. Slik det er i dag, der administrasjonen styrer til egen vinning, hører ingen sted hjemme.. S
Møte om gymsalen i Aurdal