Aurdal Fjellpark si Fjellparkstove har kanskje vore mest kjend som ei varmestove etter kalde dagar på ski, der born og vaksne har nytt kakao og heimelaga kanelbollar. Då avisa Valdres tok pulsen på Fjellparkstova laurdag kveld, var det afterski på staden og yrande liv. Fleire gjestar meinte at det å kunne samlast og verte betre kjent er særs viktig for hytteeigarane, og denne møteplassfunksjonen har Fjellparkstova.
Stamgjestar
Mange av dei besøkande er stamgjestar, som kjem på grunn av det sosiale. Blant desse finn vi hytteeigar Robert Kopperud frå Asker, som har hatt hytte i om lag ti år på åsen.
- Det var tilfeldigheiter som gjorde at eg hamna her på Aurdalsåsen. Me var på besøk her påska 1998. Like etter dukka draumetomta opp, med ei fantastisk utsikt mot Jotunheimen og skimoglegheiter frå hyttetroppa var det ingen tvil om at her ville eg bygge. No er det mange venner og kjenningar som har kjøpt fordi dei har høyrt at det er så flott her. Hytteeigarane her kjem i hovudsak frå Asker, Bærum og Osloområdet. Kopperud driv med sal av lafta tømmerhytter, og har på denne måten vore med på mykje av utviklinga på Aurdalsåsen.
Skryter av området
- Fjellparkstova er eg innom kvar gong eg er her. Marit Akervold og Erika Granlund er eineståande verter som får oss til å føle oss heime og yter så god service. Vi blir som ein stor familie her oppe, seier stamgjesten Robert, og skyt inn at det også er plass til meir av lokalbefolkninga på Aurdalsåsen. Ein av Robert sine kameratar er med på hytta denne helga, og han meiner det er mykje flottare naturmessig på Aurdalsåsen enn på Hafjell, der han sjølv har hytte.
Robert tilbringer mykje tid på hytta si.
– Nesten kvar helg frå rakfiskfestivalen til påske er vi på plass. På sumaren tek vi oss minst ei veke her. Vi kjem tett på naturen her, og eg har gått i alle fiskevatna her utan å få ein einaste fisk! På vinterstid er vi mest glade i alpint, men det er fint med langrennsturar også. I tillegg brukar vi heile Valdres som region når vi er her på feriar, og vi synast det er viktig å støtte opp om lokale produkt og føretak. Det einaste Kopperud sakar, bortsett frå å få fisk på fisketurane sine, er stolheis i alpinsenteret.
Flere kommer
Erika Granlund fortel om auka trafikk kvart år på Fjellparkstova grunna fleire hytter på staden.
– Det som er så flott her er at alle kjenner alle. Vi føler at folk kjem heim til oss når dei kjem hit. Vi har ope for afterski i helgene, og i vinterferien og til påske blir det også levande musikk her. Det gledar vi oss til. Vi har 220 senger vi leiger ut, og folk kjem både frå inn- og utland til oss. Vi prøvar å tilby blant anna lokal ost og spekemat til gjestane våre, men kanelbollane er framleis bestseljaren, seier Erika.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger