Skiskyttartalentet frå Øystre Slidre inntok det øvste trinnet på pallen i jenter klasse 16 år etter å ha skote fullt hus. Med Hildes store styrke i sporet var det ingen tvil om kvar gullet skule hamne etter at ho lyktest på standplass.
Hilde Eide gjekk inn til tida 20,52 og var 1,15 minutt framfor Martine Tollefsen frå Oslo i mål.
Også Synne Marie Tvenge frå Skrautvål gjekk eit sterkt løp og kapra sjetteplassen. Utan bom ville ho fått plass på pallen i årets hovudlandsrenn som går i Os i Østerdalen.
Som omtala i laurdagens avis kapra Harald Øygard, Skrautvål, ein sjuandeplass i gutar klasse 15 år.
På grunn av dårlege verforhold er laurdagens sprint utsett til seint på ettermiddagen.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger