Tre førarkort vart beslaglagt då UP hadde fartskontroll i 50-sona ved Tollefsrud i Begnadalen. I tillegg til dei beslaglagte førarkorta kjem 13 forenkla førelegg. Høgaste fart vart mål til 91 km/timen i 50-sona.
Ein bil hadde kjørt ut av vegen på fv 51 ved avkjøringa til Vangsjøen i Øystre Slidre fredag. Det viste seg at dama i 30-åra som kjørte bilen, var synleg berusa. Ho vart teken med til lege for blodprøve. Kvinna vart meld til politiet og førarkortet beslaglagt.
Politiet hadde promillekontroll på E16 i Ulnes fredag. 50 kjøretøy vart kontrollerte. Ingen kjørte med promille. To førarar vart melde for å ha kjørt bil med henger utan å ha førarkort for den kjøretøykombinasjonen.
I 14-tida laurdag vart det levert inn klage på fleire snøskuterar som i følgje kjørte ulovleg på vegen innover mot Rotvoldstølen i Etnedal. Politiet vil undersøke saka nærmare.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger