Nær 400 tok turen til Valdres skisenter i Skrautvål, og 220 av dei runda Kjølafjellet i turklassa. Nærare 200 gjekk i trimklassa, og både vêr- og løypeforhold var dei aller beste.
Det vart sett ein sterk løyperekord på dei 44 kilometrane, og det var Jonas Nielsen frå Lørenskog skiklubb som kom fyrst i mål. Han slo den gamle løyperekorden til Svein Tvenge med 12 minutt, og gjekk i mål på 2.10,31. Beste valdris vart skiskyttar Jostein Rogstad, som også gjekk under den tidlegare løyperekorden og noterte 2.21,03. Dameklassa vart vunnen av beitostøljenta Ine Wigernæs, som gjekk dei 44 kilometrane om Kjølafjellet på to timar og 42 minutt. Dette var ti minutt bak løyperekorden i kvinneklassa.
All honnør til idrettslaga i Skrautvål og Rogne for eit nærast prikkfritt arrangement. Du kan lese meir om årets mellerunde i tysdagsutgåva av avisa Valdres.


Den mannen der ble observert onanerende i bassenget på beitostølen helsesportsenter lørdag 04.02.2012, av meg. Det skal ikke være første gang heller. Ingen
Magisk musikkopplevelse