Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg tenkjer på songtekstene – der norsk skal vera på minst 40 prosent, men dette blir gjort til inkjes ved at engelskbråklege (ja, – bråklege) songar laga av norske låtskrivarar blir rekna som norske (!). Og ordtilfang og innhald blir meir og meir fatig, løynt bak inkjeseiande og klisjéforma setningar. Berre ein legg inn ordi «I», «love» og «me», synest det poetisk nok.
Jamvel i høgmessseoverføringar kjem engelske salmar inn der me har eit rikt utval av norske å velja i. I blant verkar det som kunstnarar og arrangørar må be om orsaking for å nytte norsk.
Og dette trugsmålet mot dei norske språki kjem på mange område;
Kommunane har kontor for HR. Ordet blir byråkratisk og syner vel at det det eigenleg skulle stå for – medmenneskelege relasjonar (human relations) – lett blir underordna.
Universiteti krev engelsk i avhandlingar og disputasar, og jamvel dels i undervisning – sjølv om det er klårlagt og stadfesta at studentane lærer og forstår mindre då enn ved at morsmålet blir nytta.
Reklame på engelsk blir så vanleg at dei fleste ikkje legg merkje til at det står Power for kraft, Low Prices for lågpris, Wow for - ja, kva står det for?
Desto meir gledeleg når me kjem inn på kafé Grepa Gødt, butikk Agalaus eller bensinstasjon med Møkjut bil. Striden engelsk – bokmål – nynorsk – målføre går vidare, og utviklingi vidare blir meir enn spennande.
Vrimmelen av engelske ord aukar, og problemet for oss som vil kjempe for norsk, er sjølvsagt at mange er så innarbeidde at det ikkje nyttar å få dei vekk, og ein god del er òg nødvendige når ikkje Språkrådet eller andre i tide har komi med gode erstatningar. Men når jamvel engelsken erstattar norsk i skiidretten, bør me tenkje noko lengre enn til no. Holmenkollen Ski Festival vart for drygt, men After Ski osv. synest å leva godt i norsk snø.
Ei annan innverknad er ved såkalla omsetjingslån. Også der kan norsk språk li ved at språket tek inn berre ei av fleire meiningar. Ordet think blir omsett med tenkje, sjølv om det i mange tilfelle skulle tyde meine/synast (kva tenkjer du om det?). Og In a way blir til På ein måte, eit uttrykk som no i høg grad – ikkje minst hjå akademikarar – blir nytta til rein utfylling eller tankepause.
Språkfolk i NRK-program omtala det som noko slikt som «usikkerheitsindikator» (!), diverre utan å åtvara mot den omgripande og unødige bruken. Minst helvti av bruken ein høyrer i media er heilt unødvendig og ofte meiningslaus.
Problemet med alle dei engelske ordi er ikkje berre det reinst språklege – at dei ikkje fell inn i norsk tale og norsk grammatikk. Engelsk vart i NRK/Språkteigen ein gong omtala som eit kreolspråk; eit språk med minimum av grammatikk og andre grunnleggjande faktorar.
Kor mykje som går tapt av nyansar og tydingar, er vanskeleg å vurdere (før nokon tek arbeidet med ei vitskapleg gransking). Ein norsk ordkunstnar sa med noko overdriving at ordet «issue» kan tyde alt unnataki «pølse».
Ofte er engelske ord meir «lause» – har mindre konsis tyding – enn norske. Eit par døme finn me i parordi keeper – målmann og corner – hjørnespark. Ein keeper tek imot, men det gjer vel andre spelarar òg? Ordet «hjørne» fortel ikkje om det gjeld spark eller noko anna.
Eit tredje døme: For 60 år sidan makta me mange armbøyingar under morgongymnastikken på speidarleir, lenge før med høyrde om pushups (kva dytter ein opp?).
Kjem eit uvanleg ord på nynorsk, ropar ein del krinsar høgt om det uforståelege. Men nye engelske ord som blir godtekne utan serleg merknad eller forklåring.
Er me på veg til å leggje vekk norsk, i aktløyse eller – endå verre – medveti?
Då er både norsk språk og norsk kultur i stor fare.