Gå til sidens hovedinnhold

13 personar i isolasjon og to er i smittekarantene i Øystre Slidre

Barnehagen opnar att, medan ytterlegare ein person har testa positiv i Øystre Slidre.

Alle barn og tilsette som har vore i karantene etter smitteutbrotet før påske vart testa søndag 4. april, og har avgitt negativt prøveresultat. Dette betyr at dei no er ute av karantene, og at Beito barnehage vil opne opp att frå tysdag 6. april, melder kommunen.

Kommuneoverlege Arild Jacobsen kan vidare fortelle at ytterlegare ein person av dei 29 som vart sett i karantene fredag 26. mars har testa positivt, slik at det no til saman er 13 personar som er registrert smitta i samband med dette utbrotet. Samtlege av desse har vore i karantene sidan 26. mars. Den nye positive testen har ikkje medført at nye personar er sett i karantene.

Per måndag 5. april er 13 personar i isolasjon og 2 i smittekarantene i kommunen.

Les også:

Les også

Fire nye smitta i Øystre Slidre

Les også

Har anmeldt utelivsaktøren for mulig brudd på smittevernreglene

Les også

Venter på prøvesvar til nærkontakter i to kommuner – håper å få nær 80 svar i løpet av tirsdag

Les også

80 personer skal testes mandag i tilknytning smitteutbrudd

Kommentarer til denne saken