13 tra­fikk­drep­ne på Aust­lan­det hit­til i år: Den eine av dei om­kom i Vald­res

Går ned: Antal dødsulykker i trafikken går ned, men i vinter vart ein 25-åring drepen etter kollisjon med eit vogntog i Tonsåslinna.

Går ned: Antal dødsulykker i trafikken går ned, men i vinter vart ein 25-åring drepen etter kollisjon med eit vogntog i Tonsåslinna. Foto:

 13 personar har mis­ta li­vet i veg­tra­fik­ken i Innlandet, Viken og Oslo hit­til i år. Det er like man­ge som på same tids­punkt i fjor. 

DEL

Innlandet: Den eine av des­se døds­ulyk­ke­ne skjed­de i Vald­res no i vin­ter.

Ung lei­ring mis­ta li­vet

Ein ung mann på 25 år med er­it­reisk opp­hav, bu­sett på Lei­ra, vart livstrugande skadd på fyl­kes­veg 33 i Tonsåslinna, då bi­len han kjørte sklei på det glat­te fø­ret og kol­li­der­te med eit vogn­tog. Det skjed­de den 11. mars. Han døde no­kre ve­ker sei­na­re av skadane han på­drog seg.

Det­te var det fyrste døds­fal­let på ve­gar i Vald­res sidan 2016. Det­te året om­kom det tre per­so­nar på ve­gar i Vald­res. I 2017, 2018 og 2019 om­kom in­gen tra­fi­kan­tar i Vald­res. På 1990-ta­let og i dei fyrste åra et­ter 2000 om­kom det i gjen­nom­snitt to-tre per­so­nar år­leg i tra­fik­ken i Vald­res. Som el­les i lan­det har døds­ta­la i vald­res­tra­fik­ken vor­te sterkt re­du­sert dei sis­te åra.

Ned­gang i Innlandet

Sa­man­lik­na med i fjor har Viken og Oslo til sam­an ein auke på tre tra­fikk­drep­ne hit­til i år. I Innlandet fyl­ke er det ein ned­gang på tre drep­ne, ei gle­de­leg hal­ve­ring i for­hold til same pe­ri­o­de i fjor. Det­te vi­ser Sta­tens veg­ve­sens fo­re­lø­pi­ge gjen­nom­gang av døds­ulyk­ke­ne.

– Trafikksikkerhetsarbeidet står sent­ralt i det al­ler mes­te av det Sta­tens veg­ve­sen job­bar med, og null­vi­sjo­nen er det vi strek­ker oss mot. Sjølv om sta­tis­tik­ken både går litt opp og litt ned, så vi­ser des­se tala at vi kla­rer å hal­de oss på det nye, lå­ga­re ulyk­kes­ni­v­ået vi har sett dei sis­te åra. Det sei­er av­de­lings­di­rek­tør Fred Anton Mykland i Sta­tens veg­ve­sen.

Fær­re i april, men auke hit­til

I hei­le lan­det mis­ta sju per­so­nar li­vet i tra­fik­ken i april. Det er seks fær­re enn i same må­nad i fjor. Hit­til i år har 31 per­so­nar mis­ta li­vet på nors­ke ve­gar, to flei­re enn i til­sva­ran­de pe­ri­o­de i fjor. Møre og Roms­dal er einaste fyl­ke utan tra­fikk­drep­ne hit­til i år.

– Antalet drep­ne i april er nes­ten hal­vert frå 2019, med sju drep­ne i år opp mot 13 i fjor, men på lands­ba­sis ser vi li­ke­vel ein auke i det to­ta­le antalet drep­ne sa­man­lik­na med fjor­å­ret, kons­ta­te­rer Guro Ra­nes, av­de­lings­di­rek­tør for trafikksikkerheit i Sta­tens veg­ve­sen.

Flest drep­ne i Viken

Dei stør­ste tala finn vi i Viken med ni drep­ne, mens Vest­fold og Telemark har den stør­ste au­ken, med fem flei­re drep­ne. 26 menn og fem kvin­ner om­kom i tra­fik­ken i årets fire første månader, der om lag halv­par­ten av dei om­kom­ne er menn i al­de­ren 16–40 år. 17 om­kom i per­son­bil, og i 12 av des­se 29 døds­ulyk­ke­ne var tung­bil in­vol­vert.

Om lag halv­par­ten av dei om­kom­ne i årets første månader har om­ko­me i møte­ulyk­ker, men det er også syk­kel- og fot­gjen­gar­ulyk­ker, og i april om­kom ein ung mann i ei MC-ulyk­ke i Ene­bakk.

Dei strenge ko­ro­na­til­ta­ka, med man­ge men­nes­ke i ka­ran­te­ne og på hei­me­kon­tor, på­ver­kar fram­leis ak­ti­vi­te­ten på ve­ga­ne. Men ved inn­gan­gen til mai er det iføl­gje Sta­tens veg­ve­sen vans­ke­leg å sjå no­kon ko­ro­na­ef­fekt på ulyk­kes­ta­la.

Sta­tis­tikk

Antal trafikkomkomne ved ut­gan­gen av april:

Fyl­ke 2014201520162017201820192020

Viken

19

9

7

2

4

7

9

Oslo

2

0

1

1

1

0

1

Innlandet

1

1

6

2

3

6

3

Sum221014581313

Artikkeltags