Arrangøren Øystre Slidre sanglag med dirigent Are Alund hadde invitert til urframføring av tre folketonar etter Anna, arrangert av Frank Havrøy. Og dette lokka 100 tilhøyrarar i tillegg til nesten 50 songarar.

Fleire av etterkommarane etter Anna var inviterte til konserten, og dottera Johanna uttrykte stor glede over at desse tradisjonssongane no har får nytt liv. Ho fortalde litt om kvar av songane, ikkje minst om «Vingstre», der Anna Fuglesteg hadde laga melodi til ein tekst av Olav Rudi, om lengten hjå dyr og folk etter å få koma på stølen att.

Folkesongar Ingvild Lie, sjølv i slekta etter Anna Fuglesteg, framførte fleire melodiar frå eit hefte med tradisjonssongar som Anna fekk samla og gjeve ut nokre år før ho gjekk bort i 1999.

Med på konserten var også hardingfelemusikaren Sivert Holmen, busett i Rogne, som har teke imot fleire gjæve prisar dei siste åra. Han spelte saman med koret i 1. sats av suiten «Draumen», med tekst av Olav H. Hauge.

Homen hadde også ei eiga avdeling, med mellom anna både springar og halling – og avslutta med St. Thomasklukkelåtten.

Eit damekor under leiing av Monica Solberg song seks folketonar arrangert av Edvard Grieg. Koret kallar seg «De norske fjelde», etter et av Grieg-stykka, og er eit prosjektkor med songarar frå Øystre Slidre sanglag, og dessutan nokre andre.

Øystre Slidre sanglag avrunda konserten med to folketonar som koret fekk arrangert til seg i 2018. Fyrst den velkjende og lokale «I Ole-tjedn, i Ole-kjinn», arrangert av Andrew Smith, og «Nu rinder Solen op av Østerlide» etter ein folketone frå Valdres, arrangert av Henrik Ødegaard.

Publikum uttrykte stor glede over å få oppleve levande musikk att, og fleire uttrykte stor begeistring over konsertlokalet over stallen på Myhre gård.