Gå til sidens hovedinnhold

151 barn forfatta tekstar til konkurransen, som i år handla om noko som dei fleste har fått personleg erfaring med

For 32 år sidan starta Valdres Mållag skrivekonkurranse, og sidan har det vore kvart einaste år. I år handla oppgåva, ikkje heilt overraskande, om konsekvensane av ein viss pandemi.

VALDRES: Reidun Dølehuset fortel at det kom inn 151 svar på oppgåva. På grunn av smittereglar kunne ikkje juryen møtast til drøftingar før 27. mai.

Diplom for nynorsk

Alle som leverte nynorsk tekst fekk diplom, og Reidun reiste rundt til skulane og delte ut premiar og diplom til vinnarane, som fordelte seg på ein 1. plass, to 2. plassar og to 3. plassar:

  • Elvira Myreng, 1. premie, 6. klasse Bagn skule
  • Eiril Eriksen Blåfjelldal, 2. premie, 4. klasse Bagn skule
  • Isaac Hålien, 2. premie, 4. klasse Vestre Slidre skule
  • Ådne Holden, 3. premie, 6. klasse Vestre Slidre skule
  • Kristian Stalenget, 3. premie, 4. klasse Lidar skule

To bestevenner

Juryen som består av Ingrid Rogne, Ingun Kompen og Reidun Dølehuset kan love at neste oppgåva ikkje vil handle om korona, og dei håpar svar frå alle skulane i Valdres.

Årets oppgåve var følgjande:

Sjå for deg to bestevenner som hang saman heile tida. Dei teksta til kvarandre, gjekk saman til og frå skulen og hang saman som erteris på fritida. Brått ein torsdag i mars var det ikkje mogleg å møte venner på same måten.

Kva skjedde med dei to vennene?

Fann dei andre måtar å halde kontakten på?

Korleis var det å treffast att på skulen, men likevel halde avstand?

Bruk overskrifta: Vennskap i ei koronatid

Kommentarer til denne saken