Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Det er både kommunale vegar og ikkje minst kilometervis med fylkesvegar i regionen vår som snarast treng vedlikehald og oppgradering. Problematikken er velkjent og stadig tilbakevendande. Kvar krok av Valdres har ein vegstubb å irritere seg over der dekket anten er i ferd med å gå i oppløysing, dreneringa er skadelidande eller er så holete og øydelagt at det går utover både folk og køyretøy.

– Vi skulle gjerne asfaltert flere kilometer, men vi har dessverre ikke mer penger
I siste instans går det ut over livskvaliteten for dei som bur på desse plassane, og faktisk kan elendig vegstandard også vera ein bremsande faktor for utvikling og næringsetablering. Ein heilt vanleg konsekvens er også at vegstandarden bidreg til ekstrautlegg for bilistane ved auka slitasje og skade på bilparken. Slik er det berre, og elendig vegstandard er sannsynlegvis ein av dei mest negative omtala vi får om faktorane knytt til det å bu i meir grisgrendte strøk av landet.

Jørn fortviler: – Folk er bekymret for å kjøre i filler bilene sine
Fleire stader er det faktisk slik at somme støls- og hyttevegar har høgare standard enn det ein fylkesveg kan ha i Valdres, Innlandet og mykje av landet elles. Etterslepet i vedlikehaldet av fylkesvegnettet er ikkje berre eit innlandsproblem. Mange regionar og fylke opplever det same. Og etter at Oppland vart slege saman med Hedmark, har det vorte lita endring. Det kjennest heller enda verre ut, ikkje minst kunnskapen hjå fylkespolitikarane våre og hjå byråkratiet om korleis det faktisk står til der ute.

– Mange er livredde når de kjører
Det er pengar det mest handlar om, mangelen på pengar for å halde tritt med vedlikehaldsbehovet. I staden for å vera tett på og nokså à jour med vegvedlikehaldet, har etterslepet berre vorte større og større gjennom år. Analysar som er gjort fortel om eit etterslep på 4,4 milliardar. Avisa hadde nyleg ei oversikt over talet på kilometer med fylkesveg i Valdres som skulle få ny asfalt denne sommaren. Det var tale om to strekningar på til saman 17 kilometer. Det blir ein drope i havet i forhold til innmelde behov frå kommunane.

Nå skal denne vegen utbedres – har satt av millioner
I overskueleg framtid er det neppe å forvente at det blir noka stor forandring. Eit håp og eit signal i rett lei, er endringane i kostnadssystemet som blir fylka til del. Endringane som no blir gjort, gjev Innlandet eit pluss på 165 millionar. Det er trass alt godt nytt, både på tide og svært rettferdig at nye kostnadsfaktorar skal vektleggjast utover berre folketal.
Ras kan leggje heile bygda under vatn: – Vi må ta dette på alvor
Fylkesordførar Even Aleksander Hagen forklarar i eit lesarinnlegg at det har vore urimeleg at folketal er viktigare enn kilometer fylkesveg og det faktiske vedlikehaldsetterslepet når statlege pengar skal fordelast. Den nye kollektivnøkkelen skal derimot vektleggje mindre «trengselsfaktoren», og meir betydning skal heller reiseavstand og distriktsomsyn få. Det er ifølgje fylkesordføraren ei justering som i det store og heile kjem distriktsfylka til gode, og mykje i tråd med innspela frå Innlandet fylkesting. For eit fylke som Innlandet som har flest kilometer fylkesveg på landsbasis, slår dette altså positivt ut.
Nå er det vanlege innlendingar sin tur
Det kan bety fleire kilometer med betre fylkesveg i Innlandet og Valdres. Det heller er heilt klart ikkje nok. Innlandet vil trengje større overføringar frå staten for å dekke det store kostnadsspriket vi opplever mellom behov og faktisk tilgang på pengar. Ei mogleg endring som bør vurderast, er å sjå på om ansvaret for nokon av dei større vegstrekka som fylket har ansvaret for, heller bør overførast til staten. Eit konkret døme på det kan vera fylkesveg 33 over Tonsåsen. Det er politikarar som har teke til orde for det tidlegare og framlegget bør absolutt vurderast i ein framtidig vegreform.
Nå er «vinneren» kåret: – Jeg finnes ikke overrasket

Gun-Elisabeth kjører heller en lengre omveg enn å måtte kjøre på den slitte fylkesvegen
Bjørn beskriver turen fra Drammen til hytta i Valdres som uproblematisk – helt til han kommer hit

Gudmund brøyter vegen han selv mener er en av Valdres' verste: – Jeg har vært heimom flere ganger i løpet av ei natt for å reparere plogen
Ola Herman har vurdert å flytte på grunn av vegen: – Det er nesten så jeg blir deprimert av å kjøre her hver dag