Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
1
Speilblank Strøndafjord,
i kommunen nord.
Bjørkelauv, på kvite stammo,
å, so fine rammo.
2
Ei bygd i finaste stas,
solé glitra i stogoglas.
Flagg i raudt, kvitt og blått,
ein nasjonaldag so flott.
3
På Ivarshaug vi møttest,
med utsikt nord og sør, aust og vest.
Tøpptrimma musikklag
ga lyd på festens dag.
4
Tuva (Rognås) med hjartevarme ord,
helste til oss her nord.
Ein ungdom med stødige steg,
ho har livet føre seg.
5
Vi mintest og den store son,
ut han reiste, på ei von.
Til "Køben" og Roma det bar,
vart verdskjent bilethoggar.
6
Bygdeguten som vart so stor.
Flatåker'n forma i gips og marmor.
Dåpsenglen i kyrkja vår,
er brukt i mange år.
7
Etter tale, song og musikk,
då til kyrkja vi gikk.
Innomhus i heilagdom,
her er store rom.
8
Etappe to, til skulen vår,
i barnetog dei minste går.
Til leikeplassen dei lengta,
og premie kunne henta.
9
Kroppen vart litt sliten,
både for stor og liten.
Brus og pølse i mengdevis,
gjevast var nok saftis.
10
Festsal pynta, og langbord ute,
maidagen var i rute.
Heimebakst og kaffetår,
slik er det kvart år.
11
Mangt bør klaffe 17. mai,
dagen vi er so glad i.
Med dugnadshender frå fleire lag,
i Ulnes vart det ein festdag.