Gå til sidens hovedinnhold

31 smitta til no i Øystre Slidre

Kommunelege Arild Jacobsen opplyser at det per 23. november kl 1200 er registrert til saman 31 positive PCR-testar i kommunen i samband med det pågåande smitteutbrotet (sidan 15. november). Dette talet er forventa å stige, då det framleis er personar med positive hurtigtestar som ikkje har fått resultat frå PCR-test.

Det skriv Øystre Slidre kommune på heimesidene sine.

Smitteutbrotet vart oppdaga måndag ettermiddag 15. november, og det er i hovudsak i grunnskulen smitta er registrert.

Alle elevane på berørte klassetrinn (til saman 226 elevar) har vore hurtigtesta. 21 av desse har testa positivt, men det var ikkje registrert nye positive hurtigtestar tysdag 23. november (oppdatert kl 1230).

Alle skular og kommunale barnehagar har registrert eitt eller fleire smittetilfelle (av barn og/eller tilsette).

Det er innført gult tiltaksnivå i grunnskule og barnehage. Kriseleiinga i kommunen hadde den 23. november eit møte der det også deltok representantar frå Statsforvalteren og FHI. Med bakgrunn i råd som kom fram i dette møtet, vil kommunen utvide testinga til også å omfatte elevar i grunnskulen på klassetrinn som så langt ikkje har vore omfatta av utbrotet. Dette blir gjort med sikte på å kunne avvikle gult tiltaksnivå så snart som råd.

Vidare blir det opplyst om at kriseleiinga i kommunen i nytt møte fredag 26. november vil ta stilling til om ordninga med gult tiltaksnivå skal halde fram eller avviklast. Det vil bli lagt ut informasjon om dette på nettsidene mot slutten av dagen fredag.

Så lenge det er gult tiltaksnivå i grunnskulen, vil både kulturskulen og Gapahuken ha tilpassa drift. Det er eit større arrangement på Gapahuken fredag. Kriseleiinga vil i møtet på fredag ta endeleg stilling til om dette arrangementet kan gjennomførast som planlagt.

Kommunelegen anbefaler elles elevar å ha minst mogeleg kontakt på tvers av klassetrinn, så lenge grunnskulen har gult tiltaksnivå.

Vidare skriv kommunen at: "Vi minner om at alle som har symptom på Covid -19 må halde seg heime og teste seg. Om du har symptom bør du ta kontakt med kommunen sin koronatelefon 480 33 587. Denne er bemanna kvardagar i tidsrommet 9-11."

Kommentarer til denne saken