Gå til sidens hovedinnhold

40 koronasmitta til no i Øystre Slidre

Kommunelege Arild Jacobsen opplyser at det per 24. november kl 1530 er registrert til saman 40 positive PCR-testar i kommunen i samband med det pågåande smitteutbrotet (sidan 15. november).

ØYSTRE SLIDRE: Dette skriv Øystre Slidre kommune på sin heimeside.

Seks nye tilfelle vart registrert tysdag og tre nye onsdag. Det var forventa at det skulle være positive testresultat desse dagane, då det var personar med positive hurtigtestar som ikkje hadde fått resultat frå PCR-test ved sist oppdatering.

Smitteutbrotet vart oppdaga måndag ettermiddag 15. november, og det er i hovudsak i grunnskulen smitta er registrert.

Alle elevane på berørte klassetrinn (til saman 226 elevar) har vore hurtigtesta. 21 av desse har testa positivt, men det var ikkje registrert nye positive hurtigtestar tysdag 23. november eller onsdag 24. november.

Alle skular og kommunale barnehagar har registrert eitt eller fleire smittetilfelle av barn og/eller tilsette.

Les også

31 smitta til no i Øystre Slidre

Det er innført gult tiltaksnivå i grunnskule og barnehage. Kriseleiinga i kommunen hadde den 23. november eit møte der det også deltok representantar frå Statsforvalteren og FHI. Med bakgrunn i råd som kom fram i dette møtet, vil kommunen no utvide testinga til også å omfatte elevar i grunnskulen på klassetrinn som så langt ikkje har vore omfatta av utbrotet. Dette blir gjort med sikte på å kunne avvikle gult tiltaksnivå så snart som råd.

Kriseleiinga i kommunen vil i nytt møte fredag 26. november ta stilling til om ordninga med gult tiltaksnivå skal halde fram eller avviklast. Det vil bli lagt ut informasjon om dette på nettsidene mot slutten av dagen fredag.

Så lenge det er gult tiltaksnivå i grunnskulen, vil både kulturskulen og Gapahuken ha tilpassa drift. Det er eit større arrangement på Gapahuken fredag. Kriseleiinga vil i møtet på fredag ta endeleg stilling til om dette arrangementet kan gjennomførast som planlagt.

Kommunelegen anbefaler elles elevar å ha minst mogeleg kontakt på tvers av klassetrinn, så lenge grunnskulen har gult tiltaksnivå.

Vi minner om at alle som har symptom på Covid -19 må halde seg heime og teste seg. Om du har symptom bør du ta kontakt med kommunen sin koronatelefon 480 33 587. Denne er bemanna kvardagar i tidsrommet 9-11, kan leses på kommuna sin heimeside.

Kommentarer til denne saken