Gå til sidens hovedinnhold

Å begrensa beiteretten til bruksberettiga i statsallmenningen. – Det er ikkje tillate

Spørsmålet er kva som skal vega tyngst av retten til fri ferdsel og beiteretten.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Vår kjære lokalavis «Valdres» har laurdag 21. august trykt ein artikkel med liknande overskrift i ei sak om ein stengt veg.

Vegen som er stengt går frå Grunkevegen opp til Halvorstølen, og det er underteikna som er eigar. Dei seinare åra har det vore ein sterk auke i trafikken av turgåarar til «Turmål Gråkampen». Det er topp at folk går i fjellet, men det har til tider vore 30–50 bilar parkert oppe på stølen, i Grunkevegen ved avkøyringa opp til stølen, ved parkering til Matkista, og i grustaket litt lengre sør.

Les også

Stølsbrukar måtte fjerne fysisk sperring for gåande i statsallmenningen: – Ikkje tillate

Halvorstølen er sentralen for sauene våre på sommarbeite. Vegen går like ved saltingskvea. Sauene, og dermed eg, er heilt avhengig av at vegen som sauene brukar – og saltingskvea – er ein stad utan forstyrrelsar. Straumen og bråket frå folk, ungar og hundar skremmer sauene vekk.

Eg har ei særs nøye og pliktoppfyllande KSL-ansvarleg. Ho kan dokumentera at vi hausten 2018 brukte fem veker på å finna og få heim alle sauene. Vegen sto då oppe, og sauene var spreidde over store område. Rett nok var det og fleire hundeangrep denne sommaren, og to sauer måtte avlivast i lia ovanfor stølen.

Året etter – i 2019 – stengde eg vegen, og hengde opp plakatar med ein blodig tekst til hundeeigarar. Hausten kom og vi brukte 10 dagar på å få alle sauene heim. Med to små unntak fanga alle seg sjølv i sankekvea på Halvorstølen. Etter sterkt press frå Fjellstyret/oppsyn vart det ingen skilting sommaren 2020, og vegen til stølen sto oppe.

Eg kunne ikkje registrera hundeangrep i fjor, men vi brukte på nytt fem veker for å finna alle sauene og få dei heim. Eg stengde difor på nytt vegen i år, men fekk lov å setja opp plakatar med bandtvangsinfo, som landbrukskontoret og politiet har laga og bekosta. Fokuset på stenging av vegen er ei avsporing.

Spørsmålet er kva som veg tyngst: retten til fri ferdsel – eller beiteretten, og kva som kan gjerast for å finna ei løysing alle interesser kan leva med. Eg imøteser ein konstruktiv dialog og aktive tiltak frå forvaltninga. I tidlegare tider var det Fjellstyret som forvalta bruksretten i statsallmenning. Om det skulle vera slik at Fjellstyret med oppsyn har vorte eit haleheng til Statsskog og Friluftsloven, – kven har vi då som ivaretek bruksretten vår?

Det er ikkje noko mål å stenga vegen, men dersom Fjellstyret/oppsynet anser beiterettigheitene som ivareteke med eit lite skilt med ei pil og ordet «Parkering» nede ved Grunkevegen, vil nok vegen haldast stengt i overskodeleg framtid.

Kommentarer til denne saken