Gå til sidens hovedinnhold

Å miste politiressursar lokalt er det motsette av eit nærpoliti

Regjeringa har ein stri tørn om ho skal snu sentraliseringa av politiet. Oppretting av «nye» polititenestestader er ikkje nok for å stogge flytting av politikompetanse.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Ap/Sp-regjeringa vil (gjen)opprette 20 nye polititenestestader, evaluere nærpolitireforma og sikre minimumsbemanning per tenestestad. Det er nokre av lovnadane i Hurdalsplattforma. Det er på høg tid. Det er ikkje utan grunn at nærpolitireforma har vorte kalla fjernpolitireforma. 126 lensmannskontor over heile landet vart lagt ned. I Valdres var det berre Vang som framleis fekk ha eit lensmannskontor, resten vart flytta til Fagernes.

Reforma skulle føre færre kontor, men fleire politifolk «ute mellom folk». No kan derimot Valdres miste fleire årsverk. Årsaka er at Politiet i Innlandet ynskjer å ta ressursar frå GDE Vest, som er Valdres, Hadeland og Gjøvik. 11,8 årsverk skal frå 1. januar 2023 forsvinne frå GDE Vest. Det uroar hovudtillitsvalt Espen Huset. Til Oppland Arbeiderblad seier Huset at det vil gå ut over etterforskingskapasiteten og det førebyggjande arbeidet. Færre politistillingar vil auke arbeidsbelastninga i ein turnus som alt er skore til beinet, seier han.

Les også

Ny bemanningsmodell for politiet vil også ramme Valdres: – Viktig at lokalbefolkningen vet hva som skjer, sier tillitsvalgt

Å miste politiressursar er det motsette av det den førre regjeringa i årevis har hevda var intensjonen bak reforma. Færre politistillingar gir ikkje fleire politifolk ute på patrulje. Det gir heller ikkje betre beredskap, betre førebyggjing eller etterforsking. Når det er for få ressursar, blir det, slik Huset påpeiker, ein evig kamp om ressursane internt i politidistriktet «der vi stadig må argumentere for vår eksistens.»

Innlandet politidistrikt er stort i utstrekning. Politiet må styrkast, slik den nye regjeringa legg opp til. Etaten må setjast i stand til å etterforske t.d. datakriminalitet utan at det går på kostnad av bemanninga i Distrikts-Noreg. Og ikkje minst bør me kunne forvente at Innlandet politidistrikt legg opp til ein open og offentleg debatt om korleis og kvar politiressursane blir brukte.

Kommentarer til denne saken