No er alle partia i gang med å finne folk til å stå på listene til kommunevalet neste haust. For den som bryr seg om utviklinga i kommunen sin er det no sjansen er for å melde seg på banen og vere med på å påverke framtida. Å vere med i kommunepolitikken kan vere tidkrevande og frustrerande, men utan å delta er det vanskeleg å påverke.

Les også

Det er utrolig viktig at vi nå er på (Valdres)banen

Det fins sjeldan berre eitt klart svar eller ei god løysing, men når fleire tenker saman, finn ein ofte ein veg ut. Det er styrken med ein kultur for å prøve å verte einige, sjølv om ein representerer forskjellige parti og har ulike verdiar og prioriteringar. SV er for å skape gode felleskapsløysingar og for sosial utjamning. Me vil ha på plass tiltak for å stoppe klimaendringar og nedbygging av natur. Me vil ha ein politikk for dei mange, ikkje for dei få. Som einaste representant for SV har eg ofte vore aleine om meiningar og fleire gongar vorte grundig nedstemt, andre gongar har eg fått stor støtte eigne forslag.

I Nord-Aurdal er det mange, både små og store saker der kommunepolitikarane må finne løysingar. No jobbar me med kommuneplanen der ein skal trekke store liner.

Les også

Dersom man mener det er strømkrise i Norge, bør det resultere i at vi får bygge ut mer kraft

Korleis skal me møte klimaendringane? Kva kan kommunen gjere både for å redusere eigne utslepp og for at innbyggarar og næringsliv gir sine bidrag?

Kva med fritidsinnbyggarane og framtidas hytteliv, skal me fortsette å bygge ut/ned fjellet? Eller er det på tide å stoppe opp og sjå etter andre måter å få folk til å kome hit og oppleve natur og kultur?

Korleis skal framtidas barnehagar vere, vil me ha to-tre store, eller som i dag, ei desentralisert løysing?

E16 går enno gjennom Fagernes, kva kan kommunen gjere for å få flytta vegen utanom sentrum?

Kva med bustadbygging? Kommunen har lagt ut tomtefelt på Marsteinshøgda, men er det andre tiltak kommunen skal ta for at fleire skal busette seg å lage ei framtid her?

Les også

Hytteeierne, som i de fleste tilfeller består av «folk flest», vurderer nå nedstengning av hyttene for vinteren

Som de ser, mange av sakene kan vere veldig kompliserte, og eg har ikkje ein gong skreve om dei største tenestene i kommunen, helse og omsorg og skule.

Demokrati og folkestyre som me har i Norge kan opplevast tungrodd og byråkratisk. Eg har likevel trua på at når fleire får sagt sitt, når ulike meiningar vert fremma og lytta til så kan ein saman finne gode løysingar. Slik har eg opplevd arbeidet i kommunestyret i Nord-Aurdal.

Eg håper du som lesar vil vere med på laget for å vidareutvikle lokaldemokratiet, gjerne som framtidig kommunepolitikar.

Les også

Skal vi snu denne trenden både i Etnedal og i Valdres ellers, må det gjøres store grep

Les også

«Dersom en ensartet gruppe av befolkningen ønsker å stille til valg er jeg redd vi får et demokratisk problem»