Aksjonerer for utbetring av Kvamskleiva på Facebook: – Må liv gå tapt før nokon reagerer?

Aksjonsgruppa for Kvamskleiva oppretta torsdag ein eigen Facebookside som skal løfte opp problematikken med den rasutsette strekninga- og jobbe for realisering av tunellen gjennom Kvamskleiva.