Tap av biologisk mangfald og natur er ein like stor trussel mot livsgrunnlaget vårt som klimaendringar. Viktige areal og natur blir ofra i politisk hestehandel, og forpliktingar blir til tomme ord når utbyggarar og investorar banker på døra.

Ni av ti trua dyr og plantar er truga av inngrepa våre. Øydelegg vi økosystema blir menneska sitt livsgrunnlag også øydelagt. Naturen bryr seg lite om politikk, den går sin gang.

Det blir avdekt at kommune og stat ikkje har god nok kunnskap og oversikt over kva bit for bit utbygging av areal fører til både på kort og lang sikt. Og vi bygger ned med veger, hytter og hus og flatehogger skog utan å kjenne konsekvensar.

Det er innført retningsliner for at klimatilpassing blir teke i vare i planlegging etter plan- og bygningsloven. Når det gjeld nedbygging av naturen og oversikt over naturverdiar står det dårleg til. Forvaltning av sjølve livsgrunnlaget vårt har ikkje slike retningsliner. Lovverket kommunar skal styre etter er viktig, det er også viktig med statleg kontroll og moglegheit for innsyn og klager.

EVAPLAN, evaluering av Plan- og bygningslova, viser til at klima-, miljø og omsyn til naturvern svært ofte tapar i planprosessar i kommunar, og at det er behov for sterkare vern i lovverk.

Men, inga regjering har teke tak i kritisk truga naturverdiar, eller sett i gang nødvendige tiltak som teke i var naturmangfald, friluftsliv og store samanhengande naturområde, slik utgreiinga anbefaler.

Alarmen må gå i kommunar, stat og i dei politiske partia. Dei som kjem etter oss har meir enn nok å hanskast med om vi ikkje stoppar opp nå.

Men, kommunane treng hjelp.

Kommunane må bli sett i stand til å skape utvikling som tek omsyn til matjord, natur, myrar og skog. Vidare må kommunane få moglegheit til å skaffe seg kunnskap om naturtypar og areal. Det hastar med å få på plass lover og reglar som regulerer arealinngrep, økonomien i dette må staten sikre.

For å stoppe klimaendringane er frisk natur som er i balanse heilt avgjerande. Problema er menneskeskapte, naturen er ikkje det.