Alkohol under arrangement på Gapahuken? – Nei, då kan det bli til at ungdomen tek med seg ei flaske eller tre på klubben, sa Arnfinn Beito

Formannskapet behandla torsdag ei sak om alkoholservering i Ungdomens kulturhus Gapahuken på Tingvang. Rådmannen innstilte på ja ved enkeltløyve, men politikarane kom med klare negative signal. Dei vil ta saka opp att under behandling av alkoholpolitisk handlingsplan.