Alle Valdres-kommunane er mellom dei som har lengst reisetid til nærmaste fødetilbod i Innlandet, ifylgje statistikk frå SSB. «Best» ut på lista er Etnedal og Sør-Aurdal, der reisetid og reiseavstanden er kortast i Valdres - men reiseavstanden er likevel mellom dei lengste i Innlandet. Lengst unna ligg øvre Valdres, med Vang på tredjeplass over kommunar med lengst reisetid.

Eit godt fødetilbod er viktig for alle kvinner. Fødestogo på VLMS vart lagt ned for snart ti år sidan. Få fødslar lokalt då dei fleste valde å reise til sjukehus, var ei viktig forklaring. Å likevel kunne tilby eit godt fødetilbod, med oppfylgjing under vegs i svangerskapet, å sleppe å bli sendt den lange vegen heim om fødselen ikkje har kome langt nok til at ein slepp innanfor dørene på fødeavdelinga, er heilt nødvendig for å sikre trygge og gode rammer for kvinner som skal føde. Kvinner og familiar med lang reiseveg må sikrast å bli godt tekne vare på i slike situasjonar.

Med byggjinga av Mjøssjukehuset i Moelv vil fødetilbodet på Gjøvik bli lagt ned. Reisetida blir dermed lenger for fleire. Det er umogleg å knipe att når ungen vil ut. I åra framover til eit nytt sentralsjukehus står klart, må tenestene til gravide og fødande kvinner, og oppfylgjing etter fødsel, sikrast gjennom gode ambulansetenester og jordmortenester.

Men desse tenestene blir ikkje mindre viktige med eit Mjøssjukehus, når det blir to mil lenger reiseveg enn det per i dag er til sjukehuset på Gjøvik. «Potensielt livstruende komplikasjoner øker parallelt med avstand, men en time avstand er grensen for der vi ser betydelig risiko for fødende,» seier leiar i Norsk Jordmorforbund, Charlotte Schjelderup, til NRK.

I Valdres har tal på fødslar gått kraftig ned dei siste tjue åra. Tal på ungar fødd i 2001 (statistikk frå SSB over levandefødde born) var 182. I fjor droppa talet til berre 111 born. For Valdres sin del er det svært dramatisk. Fødselstala er eit solid uttrykk for korleis det går med folketalet her i regionen; nedover.

Skal det bli attraktivt for unge kvinner å stifte familie i Valdres, må eit godt fødetilbod stå høgt på lista også for framtida.