Når dette kriteriet
blir lagt inn ved anbodskonkurransar, kan ikkje Valdresklinikken lenger tilby plassar til ruspasientar i Helse Vest. Med det syner helseføretaka kva slags makt dei har til å bestemme over kompetansearbeidsplassar i distrikta, og kvar dei skal liggje.

Ved Valdresklinikken er pasientane opprørte. Avisa Valdres møtte nyleg åtte pasientar, som alle er uroa over vedtaket frå Vestlandet. Dei rosar tilbodet, og kan ikkje skjøna kvifor vestlendingar ikkje lenger skal kunne nytte seg av tilbodet i Valdres.

Rusomsorga i Norge har vore under kritikk i mange år. For fåe plassar og for dårleg tilbod har vore gjengangar i kritikken. Då skulle ein tru at ein ville bruke dei plassane ein har tilgjengeleg.

Helse Vest skriv på e-post til avisa at dei ikkje har hatt noko å utsetje på Valdresklinikken som behandlingseinheit. til Sogn Avis opplyser assisterande fagdirektør i Helse Vest Ola Jøsendal at då ein byrja å kjøpe behandlingsplassar ved Valdresklinikken, hadde ikkje helseføretaket eigne tilbod om 12-trinnsmodellen som Valdresklinikken er kjend for. "[M]e kan få til det same tilbodet eller betre i eigen helseregion», seier han til Sogn Avis.

I Nord-Aurdal er ordførar Knut Arne Fjelltun sjølvsagt bekymra. Mellom 25 og 30 pasientar står i fare for å ikkje få fullført behandlinga. Valdresklinikken kan miste 12–13 millionar i inntekter, og det er ein usikker situasjon for dei 49 tilsette. Om ein ikkje får andre inn som kan bruke plassane, vil det koma eit dramatisk kutt ved Valdresklinikken.

Kompetansearbeidsplassar i distrikta er sårbare. Det kan vera vanskeleg å rekruttere kvalifiserte søkjarar. Men både Valdresklinikken og Fekjær psykiatriske senter har synt at det er mogleg å byggje gode tilbod innan rus og psykiatri i Distrikts-Noreg, og også sikre jamn tilgang på fagfolk. Men anbodssystemet innanfor helsevesenet gjer også til at oppbyggjing og drift av institusjonar er sårbare, når kjøparen – i dette tilfellet eit statleg helseføretak – legg inn andre kriterium, som geografi, i prosessen.

«Ulf», som er pasient ved Valdresklinikken, fortel at han har vore inne til avrusing 30–40 gongar ulike stader, men at ingenting fungerte. «På Valdresklinikken blir vi møtt med respekt og vi blir sett. Her er det erfaringskonsulenter, som selv har vært misbrukere, som forstår hva vi snakker om.»