Anbodsprosessar i Øystre Slidre kommune: – Det at Erstad tidlegare har vore tenesteleiar under Aanestad i Sogndal kommune vurderer eg som heilt uproblematisk, seier ordførar Odd Erik Holden
Artikkelen er over 3 år gammel
Etter at Jostein Aanestad starta i jobben som rådmann i Øystre Slidre kommune, har Norconsult i Sogndal vorte kontakta av kommunen to gonger om å leggje inn pristilbod. Same selskap var også i gang med den private reguleringsplanen for Skalstølen, der Aanestad ville byggje hus. Avisa Valdres har difor retta ein del spørsmål til kommunen, ettersom Aanestad og oppdragsleiar Cornelis Erstad i Norconsult Sogndal arbeidde tett saman i Sogndal kommune.