Valdres: – Med kyrkjeklokkene får vi ei påminning om Guds nærvær også i vanskelege og usikre tider. Så godt som alle kyrkjeklokkene skal i sving i løpet av påska. I Valdres er det ikkje maskiner som driv dei, men dugelege ringjarar som sørgjer for at klokkene kan få syngja. Dei eldste vi har er frå 1200-talet og det er ei god tanke at desse klokkene har gjeve sin klang i gode dagar og store kriser i hundrevis av år, fortel prost i Valdres, Carl Philip Weisser i denne pressemeldinga.

Gamal tradisjon

Etter gamal tradisjon blir det høgtidsringing på påskeaftan frå dei fleste av kyrkjene. I år kan vi kanskje få ekstra godt høve til å høyre klokkene fordi det er så stilt i bygdene. I Aurdal kyrkje vil ein høyre klokkeklang allereie på palmelaurdag kl. 17.00 før ei lita andaktsstund som blir overført via Facebook. Det vil og bli ringt frå mange kyrkjer der det var planlagt messe på høgtidsdagane. Alle blir oppmoda til å følgje gudstenester som NRK har på TV og i radio.

Ikkje opne messer, men deling på nettet

I Valdres har vi mange gode prestar og organistar og andre kyrkjelege medarbeidarar. Sjølv om det ikkje er opne messer, så er det mykje påskeprogram som blir laga i stand og delt på nettet. Nokre dagar er dei i kyrkjene der dei held ei lita morgonbøn eller ei kort messe på vegner av bygda og folket i kommunen. Det har blitt laga gudstenester og andaktar som vil bli lagt ut på kyrkjene sine Facebook-sider og heimesider. Den som har tilgang på nett kan leite seg fram ved å søkje på kyrkja i sin kommune, eller i dei andre valdreskommunane. Då kan ein bli med på gudstenesteopplevingar frå Tingnes eller Bagn eller Øye stavkyrkje eller andre av kyrkjene sjølv om ein ikkje er fysisk til stades.

Volbu kyrkje

Sokneprest Eli Vatn i Øystre Slidre tar turen opp i Volbu kyrkje kvar morgon klokka 08.30 og har ei lita stille stund der. Frå denne vesle morgonbøna legg ho ut ei salme, eit bilete frå kyrkja og nokre enkle tankar på Facebook-sida og heimesida til kyrkja i Øystre Slidre. Ho seier at det vil vere veldig fint om folk tenner lys og har ei lita stille stund rundt i heimane samstundes. Sjølv om ein ikkje er i same rommet er ein likevel i saman. Om folk går ein tur forbi kyrkja kan dei skrive ei bøn og leggje i telegramkassa i porten, så vil ho ta den med i bønestunda.

På telefon i Etnedal

Sokneprest i Etnedal, Marit Slettum fortel at ho har mange ho pratar med i denne tida og ho seier at folk gjerne må ta kontakt for ein prat på telefonen.

Alle prestane kan kontaktast om ein treng nokon å snakke med. Ønskjer ein forbøn eller at presten skal tenne lys og be for nokon kan ein ringe, eller sende ei melding eller skrive ein e-post.

Ut på nett i Nord-Aurdal

Sokneprest Kristine Inderhaug Fossheim i Nord-Aurdal fortel at ho og kantor Monica Solberg har samarbeida om små andaktsstunder som blir lagt ut på nettet til kvar høgtidsdag.

Andakter på nett i Sør-Aurdal

I Sør-Aurdal har kantor Anders Løberg, sokneprest Signe Kvåle og kyrkjeverje Liv Barbro Veimodet laga små andakter som blir lagt ut på nettet. I Vestre Slidre legg kantor Are Alund ut spelelister på Spotify saman med bibeltekster for dei ulike dagane. I Vang har sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland fått med seg gode medhjelparar som sørger for messer frå Øye Stavkyrkje til kvar av høgtidsdagane.

Som ein kan skjøne så held kyrkjene i Valdres hjula i gang på litt anna vis enn i ei vanleg påske, men håpar at folk også i år får høve til å fordjupe seg i påskebodskapen.