Nøsen: Leiren vil gå føre seg mellom 12. og 16. august på Hagebekkstølen på Nøsen, og prinsippet er enkelt:
– Vi skal utsette ungane for dialekt heile veka, humrar ho.
Inspirert
Inspirasjonen er henta frå Hallingdal og den årlege dialektleiren i Hemsedal i regi av Hallingdal mållag, "Snerte" og organisasjonen "Hått Halling".
Formålet er å lære – og halde – på dialekten sin. Det blir stølsbaserte aktivitetar kombinert med å bevisstgjere ungane på å bruke dialekten sin.
– Man skal prøve å prate dialekt hele veka!
Prøveprosjekt
Sidan det er fyrste året og eit pilotprosjekt, må dei sjå an og snikre opplegget etter kvart som de held på – for å sjå kva som funkar og kva som ikkje funkar. Derfor startar dei forsiktig.
– Vi har plass til mange, men vi tenkjer at det luraste er å starte med ei avgrensa gruppe. I år tek vi inn ungar mellom 10 og 13 år, sidan det er eit prøveår.
Null dialekt blant unge om 23 år?
Fordjup deg meir i emnet om valdresdialekta ved å lese artiklane frå prosjektet: Valdresdialekt

Har tent på å reklamere på dialekt
Kommentarer til denne saken