Gå til sidens hovedinnhold

Åra etter terroraksjonane har synt oss at kjærleik diverre ikkje er nok. Me treng også kunnskap.

Torsdag er det ti år sidan terroråtaka i Regjeringskvartalet og på Utøya. Det er ein dag for å hugse at gjerningsmannen var ein av oss.

LEDER

Anders Behring Breivik vaks ikkje opp i ein islamsk stat eller eit kommunistisk diktatur. Han gjekk i norsk skule, vaks opp i eit nabolag i ein norsk by og deltok i debatten i Noreg. Likevel gjennomførte han det verste åtaket på norsk jord i fredstid. 77 menneske døydde som ein fylgje av terroråtaka. Mange fleire er merkte for livet.

Høgreekstremisme har i liten grad stått på PST si liste over potensielle terrortrugsmål. Likevel er det frå høgreekstreme at dei gjennomførte terroråtaka i Noreg har kome. Det kan sjølvsagt skuldast at PST i langt større grad overvakar ekstreme islamistar. Men det var ikkje før i 2020 at PST endeleg meinte at det var like stor sannsynlegheit for eit åtak frå høgreekstreme som frå ekstreme islamistar.

Det var ni år etter Breivik sitt åtak, og året etter at Philip Manshaus fyrst drap syster si før han gjekk til åtak på al-Noor-moskeen i Bærum. Både Breivik og Manshaus har funne meiningsfeller i ekkokammer på internett, der det florerer av konspirasjonsteoriar, idear om rasekrig og oppkonstruerte fiendebilete av «dei andre», om det er jødar, muslimar, homofile eller svarte.

I dagane etter terroråtaket 22. juli 2011 samla Noreg seg i rosetog, med kjærleik i staden for hat, som har vore oppmodinga mellom anna frå Stine Renate Håheim. «Om én mann kan skape så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan skape sammen,» sa Håheim på CNN alt dagen etter terroråtaket for ti år sidan. Det vitnar om mykje mot og stor klokskap. Men åra etter terroraksjonane har synt oss at kjærleik er diverre ikkje nok. Me treng også kunnskap.

Arbeidarpartiet har føreslått ein ekstremismekommisjon, og fått støtte frå andre parti på raudgrøn side. Tanken er at ein slik kommisjon skal sjå på kva som er årsakar til at ekstremisme veks fram, om det er høgreekstremisme eller islamistisk ekstremisme, og sjå på kva som kan gjerast for å motverke ekstremisme.

Ikkje minst må me innsjå at det er i vårt eige samfunn, mellom folk som veks opp, går på skule, deltek i aktivitetar osb., at det blir utvikla ekstreme synspunkt. Fyrste steg er å ikkje skilje mellom «oss» og eit «dei». Det er eit «me».

Kommentarer til denne saken