Det er det for tida ikkje vanskeleg å sjå, særleg ikkje når Vladimir Putin i Russland har starta eit omfattande og heilt utruleg omskrivingsprosjekt av historia ved å herleggjera Stalin-tida, henge ut den ukrainske befolkninga som nazistar og bombe grannelandet sitt på det mest grufulle vis.

Det blir sagt at alle generasjonar har behov for å skrive historia på nytt. Det er det også behov for, fordi ny kjeldekunnskap blir oppdaga, og fordi nye tider gjer det nødvendig å tolke historia på nytt – ikkje minst sidan det alltid er sigerherrane som definerer kva som er rett historiefortolking etter krigar og andre konfliktar.

Når dette er sagt om Russland, er det heller ikkje grunn til å legge skjul på at Vesten har sine svin på skogen. Kanskje er du ein av dei som gjekk engelsklinja på det gamle gymnaset og hadde leseverket Anglo-American Reader som pensum. Der stod det mykje om kolonitida, «The Commonwealth», og erobringa av Afrika og land i fjerne Austen, men det var ikkje mykje sjølvkritikk å spore etter den smertefulle framferda og krigsbrotsverka til kolonimaktene.

I Valdres blir det også skrive historie kvar dag. Mykje av det du les om i avisa Valdres, vil om få dagar vera historie, sjølv om svært lite blir nedfelt i historiebøker og historiske årbøker. Her som i storsamfunnet er historia ei rettesnor for framtida. Ein klok mann har sagt at historie er som å ro ein båt. Du må sjå bakover for å koma framover. Historia er til å lære av. Du ser kva for feil som blir gjort, slik at du kan korrigere kursen.

I 1975 tok Ivar Aars over som skriftstyrar for Årbok for Valdres, etter å ha vore med i redaksjonen frå slutten av 60-talet. Det var ei blømingstid for lokalhistoria. «Tilbake til røtene», var omkvedet. Tidsskrift for Valdres Historielag vart omgjort til årbok då Aars kom inn i styret, og det med stor suksess. I desse dagar har Ivar Aars avslutta den imponerande og rekordlange tida si som gratisarbeidande redaktør i Årbok for Valdres. Mens avisa Valdres i hovudsak fortolkar notida og ser framover, er Årbok for Valdres ein spegel bakover i tid. Men både avisa og årboka har ein felles funksjon, dei er med på å binde Valdres saman.

I den grafisk flott utforma ryggen på årbøkene, med drakemotiv frå ei av stavkyrkjene, finn du årets tema, som i 2022 er valdresmål. Og det skulle berre mangle at den språkinteresserte Aars ikkje skulle ha ei temabok om språk. Men det har gjennom åra vore varierte tema i bøkene, som bureising, flyhistorie, krigshistorie, samferdselshistorie og stoff om folkemusikk, industri, handverk, hytteliv, reiseliv, klede og kledebunad, songtradisjon, 1814 og Margit Sandemo, for å nemne ein liten bit av menyen. Alt saman gir oss historisk kunnskap som det er viktig for alle valdrisar å ha med seg.

Les også

"Valdres historielag må søke prosjektmidlar og få digitalisert denne kulturskatten"

Årbok for Valdres er ikkje unik. Ifølgje lokalhistoriewiki blir det gitt ut rundt 300 årbøker og lokalhistoriske publikasjonar her i landet, kanskje i eit samla opplag på rundt 600 000. Frå områda rundt oss kjenner eg godt til årbøkene for Hallingdal, Land, Gudbrandsdalen og årboka for Mjøsmuseet og Toten historielag. Alle desse bøkene har opp gjennom åra gått i store opplag, vore viktige trykkeoppdrag for lokale trykkeri og vore fast pakke under svært mange juletre. Og ikkje minst har dei gitt lokalbefolkninga eit historisk medvit.

I mange år har årboka vorte seld i store opplag takk vera grendemenn og grendekvinner som har gått rundt og selt årboka på dørene. Eg hugsar sjølv eit intervju eg laga med Valdemar Haugerud i Reinli for ein god del år sidan, truleg rundt tusenårsskiftet. Han fortalde då at han som ung folkehøgskuleelev i 1936 hadde vorte hyra av tidlegare skriftstyrar for boka, Knut Hermundstad, til å vera grendemann. Kvart år sidan hadde han halde fram med å vera grendemann. Det vart også sagt: Når Valdemar kom på døra med ny årbok, så var det ingen som sa nei. Elles må det også leggast til: Årboka har vore god salsvare for bokhandelen og alltid toppa salslistene der.

Dessverre går det no sterke rykte om at skriftstyret for Valdres Historielag vil legge årboka på is. Eg veit ikkje kva grunnen er, om det er vanskeleg å finne ny redaktør, eller om det er økonomiske årsaker. I Valdres står Valdres Historielag som utgivar av årboka. Mange andre stader gir historielaget ut årboka i samarbeid med det lokale museet.

Slik er det til dømes i naboregionane lenger sør. I Land blir årbok for Land gitt ut i samarbeid med Randsfjordmuseet, mens Årbok for Mjøsmuseet og Toten Historielag blir gitt ut av Mjøsmuseet og historielaget i fellesskap. Slik bør det også bli i Valdres. Sidan ei av oppgåvene til Valdresmusea er å bruke ein viss del av arbeidstida på forsking og å levere forskingsartiklar, bør eit slikt samarbeid vera interessant også for museet. Kanskje burde også politikarane hjelpe til og gi historielaget eit dytt i ryggen.

Eg ønskjer skriftstyret lykke til i eit framtidig godt og fruktbart samarbeid med Valdresmusea.