Arkitektstudentar med skisseprosjekt i Vang: Ser på fritidsbustader med nye auge

STUDENTAR PÅ BESØK: Celina Michaelsen Schmidt, Miriam Pettersen og Simran Kaur er i Vang og jobbar med ei oppgåve knytt til arkitekturstudiet ved NTNU i Trondheim.

STUDENTAR PÅ BESØK: Celina Michaelsen Schmidt, Miriam Pettersen og Simran Kaur er i Vang og jobbar med ei oppgåve knytt til arkitekturstudiet ved NTNU i Trondheim. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Tre masterstudenter frå arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim er i Vang denne veka for å gjere eit skisseprosjekt.

DEL

VANG: Opphaldet er ein del av Fjellheimen 4:0-prosjektet som NTNU har køyrt saman med fleire samarbeidsaktørar i Sør-Noreg dei siste åra. Denne delen av prosjektet er ein studie av moglegheiter kalla «Synergier mellom fritidsbusetnad, bustadutvikling og tilflytting»

– Valet vårt falt på Jevnehaugadn ovanfor Laglim. Vi oppfattar dette som eit område som er såpass tett på både grenda og fjellområda at det kan vera aktuelt for både fast busetnad og fritidsbruk. Vi tek ikkje stilling til gjeldande reguleringsplanar men jobbar kreativt med området som studentar for å sjå på moglegheiter, fortel studentane.

Det er masterstudentane Miriam Pettersen, Celina Michaelsen Schmidt og Simran Kaur som no er i Vang for å hente informasjonen dei treng til oppgåva.

– Vi jobbar generelt lite med fritidsbustader på studiet, så dette høvet til å koma seg til fjells og sjå på moglegheiter utanfor «ferdighyttenormen» ser vi på som spanande. Vi ser også kjapt på eit par andre moglege prosjekt i skjeringa næring og fritid før vi tek turen opp att til Trondheim, fortel dei.

Resultatet av studentarbeidet er klart i god tid før jul.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken