Arnfinn Beito: – Skal vi halde fram med å opne opp for bygging eller skal det vera ei buffersone mellom Beitostølen sentrum og stølane?

Leiar Arnfinn Beito (Sp) i Slidre Sau og Geit sit også som kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Øystre Slidre og er varaordførar. Han meiner politikarane må stille seg spørsmålet om dei ynskjer aktiv støling eller ikkje. – Skal vi halde fram med å ete oss innover med bygging mot Heimre Hedalsstølen og vidare mot Javnlie, spør han.