ØYSTRE SLIDRE: Stølsveko i Øystre Slidre har også i år fått prosjektstøtte frå Innlandet fylkeskommune/ Valdres Friluftsråd.
– Det er niande året Stølsveko blir arrangert i Øystre Slidre, og tilbodet vil vare i fem dagar frå 9. til 13. august. Barn frå heile Valdres kan søke.
Det opplyser Liv Vingdal, leiar for folkehelse, frivilligsentral og frisklivssentral i Øystre Slidre kommune, i ei pressemelding.
Smakebit på friluftsaktivitetar
Stølsveko er ein friluftsskule og vil gje barn og unge ein smakebit på varierte friluftsaktivitetar i Øystre Slidre.
– Innhaldet i Stølsveko vil vere stølsbesøk, fjelltur, padling, førstehjelp, orientering i Løkjiskogen, aksjon AQUA, overnattingstur til Heimdalen med aktivitetar som fisking, bading, fugle- og blomsterkikking, info om nasjonalparken og meir til, fortel Vingdal.
Stølsveko er eit samarbeid mellom Øystre Slidre kommune, stølseigarar, Øystre Slidre fjellstyre og Valdres Friluftsråd. Målgruppa er barn og unge i alderen 10–13 år, og det betyr at elevar som går i 4.–7. klasse våren 2021, får tilbod om dette.
Meir detaljert informasjon finn ein på Øystre Slidre kommune sin heimeside.
Søknadsfristen er 10. juni.

Hygge med stølslivet
