Gå til sidens hovedinnhold

Arroganse eller slurv?

Dei aller fleste er enige at bygdene og fjella våre er ein verdi vi skal akte og vera stolte av, som det så fint heiter i slagordet. Men gjer vi det, er aktar vi for eksempel på alle dei særeigne namna våre omkring i Valdres?

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

At folk utanfrå kan meistre å seia og skrive namna i dalen rett utan vidare er ikkje å vente. Men dei som har skriving som yrke eller driv med prosjekt etc. I Valdres, av dei må vi ha rett til å forlange at dei brukar litt tid på å lære eit minimum om det dei arbeider med slik at dei ikkje bommar totalt på namn når dei skriv.

Norsk er no ikkje alltid så lett, og dialektformene kan sjå forvirrande og ulogiske ut. Men som vi synest det er ein sjølvsagt ting å lære oss rett t.d. preposisjonsbruk i engelsk, så burde det vel vera like naturleg å leggje an på det same i møte med stader i vårt eige land.

Då er det forstemmande å lesa lokalavisa vår frå 4. november. I ein artikkel om nye DNT-hytter har den som skriv klart å radbrekke to tradisjonelle og kjære namn i fjellet i Øystre Slidre. Den eine hytta fortel ein ligg «på Storeskag», ho har endåtil «en rå beliggenhet», kva no det måtte bety. Ei annan stad i artikkelen skriv ein at hytta ligg «ved Storeskag», det høyrest litt betre ut. Den andre hytta skal byggast på Haldorbu, seier journalisten.

Om dei som er skriv og er usikre ville ta bryet med å sjekke litt, så ville dei få høyre og også lesa at ved båe desse stellene skal det vera preposisjonen «i» og ikkje på. Sjølv om «på» også i dialekten blir brukt om fleirtalet av stølane elles, er det ein god del unnatak.

Som Sylfest Lomheim skriv i språkspalta si : «i» viser oftast til eit område. Når det gjeld den allmenne bruken av på og i ved namn finst det ingen patent regel, bortsett fra denne, ein må sjekka lokalt kva som er hevdvunnen bruk, skriv guruen.

Det er eit råd til etterfølgjing. Snakk med eldre bygdefolk, eller les i boka til Borghild Dahle: Stølar og stølsliv i Øystre Slidre. Ein ser ein del trekk som går att. Dei namna som endar på «-støl blir alle blir nemnt med «på». Namna som må ha «i» blir eller har ofte hatt preg av å vera områdenamn. Beliggenheit kan spela inn somme tider, «i Grøneli», «i Rauddale», «i Ole», «i Fullsenn». Alle desse har også preposisjonen «åt», og ikkje «til» eller «på», i eldre dialekt.

Det er eit bitte lite håp om at litt fleire kan tenkje over kva dei set ned på papiret. Alle har ei påverknadskraft i det dei spreier. Språket er ein stor del av kulturen, det er alltid i endring. Men vi treng vel ikkje hjelpe til å gjera det endå flatare endå snøggare?

Kommentarer til denne saken