Kven trur du vann i herreklassa i Åsvangrennet?

Laurdag gjekk Åsvangrennet og det låg an til ein skikkeleg "fight" mellom fleire lokale løparar i seniorklassa. Den vann til slutt Vegard Kjøs Egge frå Vestre Slidre med 32,39 på ti km klassisk. Så vary det ganske tett mellom 2. og 3. plassen. Håvard Nyhagen frå Rogne IL fekk tida 34,19 og Stian Ulberg frå Skrautvål IL fekk tida 34,53.