Valdres gror att. Og Norge gror att. Attgroingsproblematikken kjem stadig nærmare oss. Den er gjeldande over alt.

I desse dagar med sjeldan gode veksttilhøve opplever vi at vegetasjonen i utmark og fjellområda våre skyt i veret med aksellerande fart. Gunstig eller uheldig vekstklima, alt etter korleis vi ser det, er ein viktig faktor. Syndin er og Syndin var, eller for den del Beitostølen, Aurdal, Vaset, Tyinkrysset.

Det er eit tankevekkjande studium å ta for seg mange av fjellområda som i løpet av ein del tiår har endra total karakter. Folk som bygde hytte på snaufjellet og over skoggrensa, på til dømes 1960 og 1970-talet, opplever no å vera omkransa av tett bjørk- og granskog. Du finn for eksempel granskog på meir enn 1000 meters høgde mange stader i Valdres.

Dei fleste er samde om at attgroinga tek overhand, og er i ferd med å bli eit stort samfunnsproblem. Ja, som kanskje ikkje har fått den merksemda problemet treng. Avisa Nationen skreiv nyleg om Oscar Puschmann, landskapsgeograf og forskar i Nibio som i meir enn 16 år systematisk har dokumentert korleis Norge blir bygd ned og gror att, og korleis det får konsekvensar. Mellom anna minner han om at i Norge på det tidspunktet forskaren vart fødd, i 1960, var det over 200.000 bønder i Norge. Femti år seinare er det i underkant av 40.000.

Ein gong var det mange titals bønder med dyr på stølen på Syndin. No er det ein einaste gard med dyr att her. Det er ein viktig del av problematikken og som vi må ta med oss. Å stimulere til beiting og at jordbruket kan haldast i hevd, må framleis vera den fremste innsatsfaktoren. Norge er slik rigga at beitebiten blir svært avgjerande.

Naturleg skjøtsel er naturlegvis det beste og mest effektive. Men det kan også gjerast mykje gjennom målretta tiltak. Vi skulle ynskje at det i større grad hadde vore øyremerkt midlar til den slags tiltak. Vi veit til dømes at attgroinga langs vegnettet, som også er svært relevant i Valdres, er ein negativ faktor som bidreg til hjorteviltpåkjørslar. Midlane som vegeigarane har til rådvelde er ikkje i nærleiken nok til å halde tritt med tilveksten. Meir pengar må på bordet og det vil vera eit viktig grep for få ned talet på materielle skader, personskadar og dødsfall i trafikken.

Også turistproduktet Valdres vil heve seg mange hakk om det i større grad blir systematisk drive hogst og vedlikehald. I fjella vil tomteareala opplagt få større verdi om vi maktar å slå ned noko av tilveksten. Vinnareffektane er store.

Ein gong var det mange titals bønder med dyr på stølen på Syndin.