Pensjonistkafeen i Aurdal er utsett ei veke

Pensjonistkafeen i Aurdal  held fram, men no sist i februar blir han utsett ei veke på grunn av Hemsingfestivalen.

Pensjonistkafeen i Aurdal held fram, men no sist i februar blir han utsett ei veke på grunn av Hemsingfestivalen. Foto:

Av

Aurdal Diakoni arrangerer kvar månad i vinterhalvåret Pensjonistkafe.

DEL

AURDAL/ÅBJØR: Dette skjer på Menighetshuset i Aurdal og på Åbjør Bygdehus annankvar gong.

Det er vanlegvis siste torsdag i månaden. Det blir litt endring denne gongen grunna Hemsingfestivalen som også brukar huset.

- Men det er hyggeleg med festival i bygda, så vi set gjerne ut kafeen ei veke, seier Kari Nyseth, ei av drivkreftene i laget saman med Magnhild Hjellebråten og Borghild Leirpoll.

Dette er ein viktig arena for triveleg, uformelt samvær mellom sambygdingar, og oppslutninga er aukande.



Artikkeltags