Avlyser alle munnlege eksamenar på Valdres vgs.

Valdres vidaregåande skule opplyser på sine nettsider at munnlege eksamenar er avlyst. Det same gjeld for alle vidaregåande skular.

DEL

LEIRA: Regjeringa har bestemt at alle munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar for elevar i vidaregåande skule blir avlyst denne våren. Det opplyser kunnskapsdepartementet i ei pressemelding tysdag.

Frå før av er alle skriftlege eksamenar i vidaregåande skule avlyst.

Ikkje kapasitet

– Hovudgrunnen for å avlyse munnleg eksamen er å leggje til rette for gjennomføring av privatisteksamen denne våren, noko som er i tråd med rådene frå fylkeskommunane, skriv Valdres vgs. på sine nettsider.

– Fylkeskommunane har vore tydelege på at det vil vere vanskeleg å gjennomføre både eleveksamen og privatisteksamen. De har verken lokale eller eksamensvakter til å gjere begge deler parallelt.

Vitnemål med standpunktkarakterar

Når skulane ikkje skal bruke tid på eleveksamen, kan lærarane sette alle karakterar siste opplæringsveke, skriv kunnskapsdepartementet i pressemeldinga.

Artikkeltags